Sunndal vgs - Faglærar Elektrofag 100%
Stillingsannonsen er inaktiv.Møre og Romsdal fylkeskommune
Sunndal vidaregåande skole
Vi søker etter
faglærar i elektrofag på Vg1 Elektrofag og Vg2 Elenergi i 100% fast stilling
Vi søker deg som
- har gode faglege kvalifikasjonar
- trivst saman med ungdom
- kan vere ein god klasseleiar
- har evne til å få gode relasjonar med elevane
- kan samarbeide med andre tilsette, elevar og føresette
Det er krav om fagleg kompetanse med enten relevant fagbrev og fagskole, eller relevant ingeniørutdanning i tillegg til pedagogisk utdanning.
Vi tilbyr
- gode moglegheiter til fagleg utvikling
- fylkeskommunale tilsettingsvilkår
- introduksjonsprogram
- gode pensjons- og forsikringsordningar (medlemskap i SPK)
Andre opplysningar
Vi har som mål å spegle mangfoldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søke ledig
stilling hos oss.
Søkarlista kan bli offentleg sjølv om du ber om anonymitet. Du vil bli varsla om dette. Vi brukar nynorsk som administrasjonsspråk, og du vil få opplæring om du treng det.
Politiattest
Den som blir tilsett må levere politiattest.
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Møre og Romsdal fylkeskommune
Adresse
Skoleveien 14, 6600 Sunndalsøra
Bli med å utvikle regionen saman med oss! Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, vegar og kollektivtransport, tannhelsetenester, samfunns- og næringsutvikling. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen - hos oss får du utvikle deg sjølv og kompetansen din.Sunndal vidaregåande skole er ein kombinert skole med bygg- og anleggsteknikk, elektrofag, helse- og oppvekstfag, studiespesialisering og teknikk og industriell produksjon. 60 tilsette og 300 elevar fordelt på fem utdanningsomprogram. Ressurssenterdrift med m.a. vaksenopplæring og høgskoleutdanning er ein viktig del av skolen si verksemd. Skolen deltar aktivt i lokalsamfunnet og har eit godt samarbeid med lokalt næringsliv. Sunndal kommune har ein storslått natur med høge fjell, fjordar og fleire dalbotnar. Det er eit godt og variert kultur- og fritidstilbod i kommunen. Sunndal er ein industri- og handelskommune med Hydro sitt aluminiumsverk som største arbeidsplass.
Om stillingen
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Offentlig
Sist endret: 10. april 2019
Hentet fra: Møre og Romsdal fylkeskommune
Referanse: rekruttering.mrfylke.no/recruitment/opening?1?3841
Stillingsnummer: 463acd5e-c385-46ee-9fe8-f715e23454de