Arrestforvarer - Vest politidistrikt - GDE Sogn og Fjordane
Stillingsannonsen er inaktiv.Politiet, Vest pd
Førde
Ved Vest politidistrikt, for tida geografisk driftseining Sogn og Fjordane, er det ledig fleire faste stillinger som arrestforvarer SKO 1531. Stillingane vil primært vere tilknytta sentralarresten i Førde, men kan også vere aktuell for bruk i andre arrester i driftseininga, mellom anna i Florø, Nordfjoreid og Sogndal ved behov. Ein må difor pårekne noko reiseaktivitet.
Tenesta inneber beredskapsvakter med utkall i fem vekers turnus, primært ei veke på og fire av. Arbeidstid vil vere fredag kl 21.00 til måndag kl 08.00, og deretter kl 21.00 til kl 08.00 fram til fredag morgon. Dette utgjer ca 11 % fast turnus. Stillingane kan kombinerast med anna arbeid.
For stillingane gjeld vanlege tilsetjingsvilkår i staten, mellom anna prøvetid etter Statsansatteloven. Søkjarane må kunne nytte både bokmål og nynorsk. Det er krav om plettfri vandel.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i folket. Det er difor eit personalpolitisk mål å ha ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Kvinner og
personar med innvandrarbakgrunn blir oppmoda om å søkje.
Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju. Då må stadfesta attestar og vitnemål takast med. Vi gjer merksam på at søkjarlista kan bli gjort offentleg sjølv om søkjar ber om å få vere anonym, jf. Offentleglova § 25.
Vi ber om elektronisk søknad via lenka.
Arbeidsoppgåver
- Visitere og føre tilsyn med personer som er pågripne/innsette eller innbrakte
- Forpleiing av innsette
- Søk i politiet sine registre
- Andre arbeidsoppgåver pålagt av overordna
Kvalifikasjonar
- 3-årig vidaregåande skule eller tilsvarande relevant utdanning
- Relevant arbeidserfaring blir vektlagt, og kan i særlege høve kompensera for manglande utdanning
- Førerkort kl B
- God munnleg og skriftleg framføring
- Erfaring med bruk av data som arbeidsverktøy
- Arbeidserfaring frå arrestteneste vil bli vektlagt
- Erfaring frå handsaming av personar påvirka av rus og psykiatri er ein fordel
Personlege Eigenskapar
- Vere tett på, modig, heilskapsorientert og vise respekt
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Evner til å handsame personar i vanskelege livssituasjonar
- Evne til å handtere personar som kan vere utagerande og i affekt
- Evne til å arbeide målbevisst og sjølvstendig
Vi tilbyr
- Stillinga blir lønna som arrestforvarar SKO 1531 frå ltr.38/kr. 371 500 til ltr. 49/kr 435 500 brutto per år. Endeleg lønnsplassering avhenger av kvalifikasjonar og ansiennitet.
- Vest politidistrikt er ei IA-verksemd
- Bedriftshelseteneste
Kontaktinformasjon
Dag Fiske, Tenesteeiningsleiar, 91666672
Spørsmål om elektronisk CV/søknad, kontakt Seksjon for HR, 55556300
Arbeidsstad
Førde
Nøkkelinformasjon:
Annonsør:Politiet, Vest pd
Ref. nr.:201900801
Deltid, Fast stilling
Søknadsfrist: 10.03.2019
https://www.webcruiter.no/wcmain/advertviewpublic.aspx?oppdragsnr=4011060297&company_id=3586297909&culture_id=NN-NO
For elektronisk søknadsskjema:[Klikk her]
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Politiet, Vest pd
Vest politidistrikt dekker 54 kommunar, med til saman 589 500 innbyggjarar, og har om lag 1300 tilsette med politimeister Kaare Songstad som øvste leiar.
Om stillingen
Stillingstittel
Arrestforvarer
Antall stillinger
1
Heltid/deltid
Deltid
Sektor
Ikke oppgitt
Sist endret: 11. mars 2019
Hentet fra: Overført fra arbeidsgiver
Referanse: 9991290
Stillingsnummer: 463899ed-6beb-4530-8c95-d8fee4bd917a