Vil du bruke fagkompetansen din til å gjere ein forskjell – helg etter helg?
Brukerstyrt post - Kopervik - Helse Fonna HF
Asaldalvegen 1, 4250 Kopervik, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar/Vernepleiar
Type ansettelse
Fast, deltid 20%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 1. juni
Som sjukepleiar eller vernepleiar på brukarstyrt post i Kopervik får du vere med og skape trygge rammer for menneske med psykiske lidingar – akkurat når dei treng det som mest.
Vi har eit unikt tilbod for personar med psykiske lidingar som har behov for ei kortvarig, trygg ramme. Her skriv pasientane seg sjølve inn når dei kjenner behovet, og definerer sine eigne mål for opphaldet.
Du blir ein del av eit erfarent og engasjert team med sjukepleiarar, vernepleiarar og helsefagarbeidarar som jobbar tett saman for å skape eit godt og meiningsfullt tilbod.
No ser vi etter ein ny kollega som ønskjer ei fast helgestilling. Du vil jobbe kvar tredje helg, med vakter som går på dag, kveld eller som langvakt (kl. 07.30–15.00, 14.30–22.00 eller 10.00–22.00).
Dette er ein flott moglegheit for deg som ønskjer å kombinere fagleg utvikling med ein fleksibel stilling – og samtidig bidra til ei viktig brukargruppe.
👉 Grip sjansen og søk - dette er ei unik moglegheit til å vere med å gjere ein forskjell for vår brukargruppe!
Kva går jobben ut på?
- Miljøterapi
- Ansvarsvakt
- Vera ein tydeleg, trygg og engasjert lagspelar i arbeid med pasientgruppa
- Tilrettelegging for og deltaking i samtalar
- Samarbeid med interne og eksterne instansar
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Sjukepleiar/vernepleiar med norsk autorisasjon
- Gode norskkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Søkarar som har andre morsmål enn norsk, svensk eller dansk, og som ikkje har fullført norskspråklig vidaregåande skule, må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2 nivå. Dokumentasjon må vedleggast søknaden. Ved tilsetjing av allereie fast tilsett i føretaket kan ein unntaksvis, i særlege tilfelle, fråvika kravet om bestått norsktest på B2-nivå
Kva ser vi etter hos deg?
Vi ser etter deg som
- er engasjemert og har interesse for pasientgruppa
- kommuniserer tydeleg og trivst med å samarbeide på tvers av faggrupper
- jobbar strukturert og tek ansvar for eigne oppgåver
- byggjar tillit og gode relasjonar med både pasientar og kollegaer
- byr på deg sjølv, ser andre – og tek med deg eit smil i kvardagen
Kvifor skal du velje oss?
- Eit svært trivelig arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå
- Fagleg og personleg utvikling
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivs bedrift
Kontaktinformasjon
Eva Utseth Gangstø, Konst. funksjonsleiar, eva.utseth. gangsto@helse-fonna.noArbeidsstad
Asaldalvegen 14250 KOPERVIK
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 4968819450
Stillingsprosent: 20%
Fast
Søknadsfrist: 01.06.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2939815
- Hentet fra
talentech
- Referanse
d3370853a36b49b2bc8545d81b00c01b