ID 1664 Parkour lærar -- Eining for kultur
Kulturskulen har ledig fast 50% stilling som lærar innan fagområde parkour, frå snarast. Stord kommune er ein industrikommune i Hordaland med ca. 18 000 innbyggjarar.
Stord er kommunikasjons- og regionssenter for Sunnhordland med gode samband til Bergen, Haugesund og Stavanger. Her er flyplass med daglege flygingar til Oslo. Stord har eit rikt kulturliv og eit stort dansemiljø. Det er også gode vilkår for sport og friluftsliv. Kulturskulen har omlag 700 elevplassar. Administrasjonsmålet i Stord kommune er nynorsk.
Om stillinga:
Stord kulturskule søkjer etter allsidig parkourlærar som kan undervise elevar i alle aldrar, frå 7 år og oppover. All undervisning er lagt til ettermiddagstid. Kulturskulen har fast personalmøte ein gang i veka samt ein del av arbeidstida er bunden opp til felles kontortid. Parkourlærar har tilgang til arbeidsrom/kontor i tilknyting til undervisningsrommet.
Kvalifikasjonskrav:
- Me søkjer etter allsidig parkourlærar med utdanning frå høgskule, universitet eller anna relevant utdanning.
- Erfaring frå fagfeltet er ynskjeleg.
- Det er ynskjeleg at søkjar har pedagogisk utdanning eller kvalifikasjonar innan parkour-coaching.
Me tilbyr:
- Eit positivt arbeidsmiljø
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande kommunalt avtaleverk.
- Velferdsklubb med fleire leilegheiter i Røldal
Den som vert tilsett må leggje fram politiattest.
Pensjon i KLP
I denne stillinga har du rett på ei av Noregs sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjoner kun vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som gjeld frå den dagen du slutter å jobbe og livet ut. Pensjonen inkluderer og uføre- og etterlatnepensjon om noko uventa skulle skje
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje
Ein finn meir informasjon om Stord kulturskule på https://www.stord.kommune.no/stord-kulturskule.433454.nn.html
Nærare opplysningar får du ved å venda deg til rektor/avdelingsleiar i Stord kulturskule, Gareth Whittaker, + 47 53 49 67 98 eller e-post: gareth.whittaker@stord.kommune.no
Søknadsfrist: 15.02.21