Sjukepleiar - Eining for sikkerheit og rehabilitering
Eining for sikkerheit og rehabilitering er ei spesialavdeling med til saman åtte døgnbehandlingsplassar for kvinner og menn. To av døgnbehandlingsplassane er for kvinner med valds- og farligheitsproblematikk, fire av plassane er tiltenkt forsterka rehabilitering for pasientar med sikkerheitsproblematikk og dei resterande plassane er tiltenkt andre pasientar med behov for forsterka rehabilitering.
Gjennom kartlegging og utgreiing blir behandlinga tilpassa den enkelte pasient og deira sjukdomsbilde, evner og ressursar. Behandlinga kan bestå av legemidlar, samtaleterapi, miljøterapi, fysisk aktivitet og livsmeistring. Eininga har fokus på brukarmedverknad.
Eining for sikkerhet og rehabilitering har ledig 100% og 70% stilling på natt.
Arbeidsoppgåver
- Sjukepleiar med natt-teneste på døgnpost.
- Sjukepleiar skal gje pasienten medisinsk og miljøterapeutisk behandling som er naudsynt for å oppfylle dei krav som er sett for kvar einskild pasient.
- Vere med i beredskap på natt og bistå andre postar ved behov.
Kvalifikasjonar
- Sjukepleiar med norsk autorisasjon
- Ønskeleg med erfaring og realkompetanse innan psykiatri
- Vidareutdanning innan psykisk helsearbeid er ønskeleg
- Gode kunnskapar i norsk skriftleg og munnleg
Utdanningsretning
- Sjukepleie
Utdanningsnivå
- Høgskule/universitet, diplom-/ bachelorgrad
Personlege eigenskapar
- Vere initiativrik, interessert og ha respekt for kvar enkelt pasient
- Tilpasningsdyktig og kunne takle stressande situasjonar med ro og fagleg gode haldningar
- Vere ein teamarbeidar der du likar å arbeide tverrfagleg
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Inkluderande arbeidsmiljø med kompetente kollegaer
- Kompetanseutvikling gjennom fagdagar og kurs
- Opplæring i terapeutisk møte med aggresjon
- Tilbod om opplæring, internundervisning og rettleiing
- Arbeidstid turnus med arbeid 3. kvar helg
- For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkar gi til kjenne dette i søknaden.
Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Maren Elise Skogseth, Funksjonsleiar, (+47) 53466482Arbeidsstad
Sjukehusvegen 265451 Valen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Fonna HFReferansenr.:4564365770
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 02.01.2023
Søknadsfrist: 16.10.2022
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4000 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.