Ullensvang kommune søkjer trainee innan plan og utvikling
Tar du utfordringa som traineekandidat?
Arbeidsoppgåver:
Frå og med 2020 blir Odda, Ullensvang og Jondal til nye Ullensvang kommune. Eit av føremåla med kommunesamanslåinga er å skapa sterkare kompetansemiljø innan tenestene.
Stillinga omfattar arbeid med rådgjeving, tilsyn og sakshandsaming av konkrete byggeprosjekt. Ein vil òg bidra inn i kommunen sitt plan- og utviklingsarbeid. Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga.
Ein vil samarbeida med våre øvrige byggesakshandsamarar og kollegiet på sektoren Kultur, Næring og Samfunn. Tilgrensande fagfelt omfattar mellom anna plan, geodata/oppmåling, naturmiljø, næring og landbruk.
Ein vil vera fleksibel i høve til kvar det er mest praktisk for den nytilsette å ha fast oppmøteplass. I utgangspunktet ligg byggesak i Odda, men oppmøte i Kinsarvik eller Jondal kan òg vere aktuelt deler av veka.
Kvalifikasjonar:
- Relevant utdanning på bachelor/masternivå. Eksempel kan vere ingeniørhøgskule med relevant studieretning, planleggarutdanning frå høgskule/universitet, naturviter- eller juristutdanning.
- Maksimalt tre år med arbeidserfaring etter avslutta utdanning.
- Beherske norsk som arbeidsspråk.
Eigenskapar :
● Ønske om å bidra til å utvikla nye Ullensvang kommune.
● Proaktiv og effektiv.
● Analytisk og strukturert.
● Løysingsorientert og god evne til å bygge relasjoner og tillit.
Me kan tilby:
● Fagleg bistand og rettleiing.
● Ullensvang kommune har avtale om inkluderande arbeidsliv (IA).
● Interessante arbeidsoppgåver i eit kompetent og utviklingsretta fagmiljø.
● Konkurransedyktig løn.
● Fleksibel arbeidstid og gode permisjons- og pensjonsvilkår.
Om bedriften
- Ein ny, livskraftig og attraktiv kommune i Hardanger.
Ullensvang kommune er ein attraktiv stad å bu, arbeida og starta næringsverksemd! Vi kan tilby
spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i ein kommune som er i utvikling. Her finn du fjord, fjell, fonn, frukt, landbruk, havbruk og verdsleiande industri i ein og same kommune. Me har eit rikt kulturliv, moderne idrettsanlegg og friluftstilbud av høg klasse. Kommunen opplever stor utvikling i næringslivet knytt til turisme, landbruk og industri.
Kommunen har omlag 11 100 innbyggjarar, der Odda er administrasjonssenter i kommunen
omkransa av sterke bygder.
Oppdraget vårt er å gje deg ein god start på karrieren, samstundes som du får vera med på vera ein viktig bidragsyter med å bygga ny kommune, og ta del i viktige samfunnsoppgåver. Som trainee kjem du til å få spennande prosjekter, og vera ein del av eit kompetansemiljø. Gjennom motiverte og dyktige medarbeidarar løyser vi dette i lag.