Einingsleiar - Sunde barnehage
Omtale av stillinga
Er du ein dyktig og engasjert leiar på jakt etter nye utfordringar? Sunde barnehage har ledig stilling som einingsleiar ifrå 01.08.21.
Sunde barnehage har 4 avdelingar med plass til 62 barn i alderen 1-5 år.
Personalet er engasjerte, samarbeidsvillige og dyktige. Me har i mange år jobba med kompetanseløftet “Vera saman”, der dei vaksne er autoritative grensesetjarar med gode relasjonar til alle barna. Me jobbar målretta i høve tidleg innsats, handtering av utfordrande åtferd og relasjonsbygging på alle nivå. “ Vera saman” er tema på personalmøta, pedagogisk leiarmøta og avdelingsmøta. Men først og fremst er det “tema” i kvardagen vår, i møte med det enkelte barnet.
Sunde barnehage ligg fint til for turar i nærmiljøet, og dette vert aktivt nytta. Bl.a. er Trollskogen eit populært turmål, med kvilehytta, troll, andre eventyrfigurar og klatrepark. Barnehagen har og vore med på å utvikla dette området. Eit anna mykje besøkt område er sjøen og stranda, og mange prosjekt har vorte til med utgangspunkt i det som finst der.
Arbeidsoppgåver
Ansvar for administrativ- , personal - og pedagogisk leiing i barnehagen.
Arbeida målretta i samsvar med Lov om barnehager med forskrifter.
Utviklingsarbeid i samsvar med overordna planar.
Samarbeid med foreldre/føresette og andre samarbeidspartar.
Kvalifikasjonar
Godkjent barnehagelærarutdanning eller annan høgskuleutdanning som gjev barnefagleg og pedagogisk
kompetanse
Utdanning og/eller erfaring som leiar er ei føremon
Gode dugleikar i bruk av digitale verkty.
Gode evner til munnleg og skriftleg formidling.
Personlege eigenskaper
Tydeleg leiar.
Kunna motivera og skape samhald.
Gode evner til samarbeid og kommunikasjon.
Kunne arbeide sjølvstendig og i team.
Interesse for fagleg oppdatering
Fleksibel og løysingsorientert.
Ved tilsetjing vil personlege eigenskaper verta vektlagt.
Vi tilbyr
Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP/SPK.
Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd.
Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø.
Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar.
Søknad vert å senda
Kvinnherad kommune oppfordrar til å søkja elektronisk (godkjende vitnemål og attester tar ein med på evt. intervju). Normalt vil søkjar sitt namn bli offentlegjort i postjournal og offentleg søkjarliste. Dersom du ønskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jf. Offentleglova § 25. Du vil då verte varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din.
Innsendte vitnemål og attestar blir ikkje returnert.
Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 6.10, opplæringslova § 10.9, lov om barnehagar § 19, Helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4.
Om bedriften
Kvinnherad kommune har 13.100 innbyggjarar.Kommunen ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda. Rosendal er administrativt senter, Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og handelssenter. Kvinnherad har eit mangfaldig kulturliv. Sjø, skjærgard, fjell og bre gjev naturtilhøve for friluftsliv heile året.