Prosjektkoordinator barnevern 100% stilling - Eining Barn og familie
Omtale av stillinga
Kvinnherad kommune v/Eining Barn og familie har ledig stilling som prosjektkoordinator barnevern 100% med oppstart mars 2020 og ut året 2020, med moglegheit til forlenging våren 2021.
Kvinnherad kommune har saman med Austevoll og Tysnes fått stimuleringsmidlar frå Fylkesmannen i Vestland til å bidra til å stimulere til teneste- og tiltaksutvkling i kommunane for å styrke oppfølginga av utsette barn og deira familiar. Prosjektet er også retta mot alle kommunane i Vestland, så prosjektkoordinator må rekna med ein del reiseaktivitet.
Mål: Utviklingsprosjektet er foranka i kommunane sine overordna plan for kompetanseheving, og gjennom det i tråd med allereie etablerte planar i kommunane. Det er allereie aktuelle tilsette i tenestene som kan gå inn og vera ressurspersonar i prosjektframdrift.
Kvinnherad, Austevoll og Tysnes ser også prosjektet som ein moglegheit til å bli betre kjent på tvers av kommunegrenser, utvikle og styrkje fagmiljøet på tvers av kommunane. Dette er i tråd med den Nasjonale kompetansestrategien, og vil vere nyttig med tanke på nye utfordringar og krav som kjem .Prosjektet skal ha eit samarbeid med Høgskulen på Vestlandet, NORCE RKBU - Vest og RVTS.
Prosjektkoordinator skal planlegge å gjennomføre to fagsamlingar og utrede nye utviklingsprosjekt i samarbeid med Høgskulen i Sogndal. Dette vil bety at prosjektkoordinator må rekna med møter i Bergen, Førde og Sogndal i løpet av prosjektperioden.
Kvinnherad er vertskommune for prosjektet, og vil bli tenestestad. Dersom det er ønskjeleg, kan tenestestad tilpassast noko knytt til reisetid og arbeidsoppgåver.
Kvalifikasjonar
- 3 årig sosialfagleg høgskuleutdanning. Anna utdanning kan vurderast i samanheng med andre kvalifikasjonar.
- Relevant vidareutdanning og/eller praksis innan arbeid med barn og unge vil vere ein fordel.
- Det er ønskjeleg med utdanning i/erfaring frå prosjektarbeid.
Personlege eigenskaper
Ved tilsetjing vert det lagt vekt på;
- personlege eigenskapar
- god samarbeidsevne, god kommunikasjon og relasjonsbyggjar
- god system- og organisasjonsforståing
- at ein er eigna for oppgåver knytt til barn, unge og deira familiar
- evne til å arbeide sjølvstendig, målretta og strukturert
- krev gode norskkunnskapar
- kjennskap til tverrfagleg samarbeid.
- evne til fleksibilitet og endringsvilje
Den som vert tilsett må ha sertifikat og disponere eigen bil.
Ved tilsetjing vert det stilt krav om gyldig politiattest.
Vi tilbyr
Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd.
Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø.
Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar.
Søknad vert å senda
Kvinnherad kommune oppfordrar til å søkja elektronisk (godkjende vitnemål og attester tar ein med på evt. intervju). Normalt vil søkjar sitt namn bli offentlegjort i postjournal og offentleg søkjarliste. Dersom du ønskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jf. Offentleglova § 25. Du vil då verte varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din.
Innsendte vitnemål og attestar blir ikkje returnert.
Om bedriften
Kvinnherad kommune har 13.100 innbyggjarar.Kommunen ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda. Rosendal er administrativt senter, Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og handelssenter. Kvinnherad har eit mangfaldig kulturliv. Sjø, skjærgard, fjell og bre gjev naturtilhøve for friluftsliv heile året.Eining Barn og familie - er ei av 23 einingar i sektor oppvekst. Eininga er delt inn i fire avdelingar: barnevern, helsestasjon, PPT og avdeling tiltak og ressursar. Eininga held til i lokalar på Husnestunet på Husnes.