Dagleg leiar i Orre kyrkjelyd
Org. nr: - Stillingsident: 4239601580 Presentasjon av stillingen:
Klepp kyrkjelege fellesråd søkjer etter dagleg leiar i 35 % fast stilling.
Det er no ute annonse for fleire stillingar knytt til Orre kyrkjelyd. Dette skuldast at ein tilsett har gått over i ei anna stilling, og at ein omorganiserer og satsar litt nytt. Det er mogleg å søkje på fleire av stillingane for å få ein større stillingsprosent. Dersom søkjar har god IT- kompetanse, vil det vere høve til å få auka stillingsprosenten med arbeidsoppgåver innan IT i fellesrådet. Dette må kome fram av søknaden.
Orre sokn disponerer 2 kyrkjebygg. Orre gamle kyrke, som er bygd ca 1250, og Orre kyrke som er bygd ca 1950. I tilknyting til kyrkja i sentrum er det nyleg opna ny kyrkjelydssal og soknerådet har eit sterkt ønske om å styrke aktivitetane her med trusopplæringsaktivitetar og lågterskeltilbod spesielt retta mot ungdom.
Klepp kommune har omlag 19 000 innbyggjarar og ligg på Jæren, 25 km sør for Stavanger.
Klepp kyrkjelege fellesråd består av fire sokn: Bore, Klepp, Orre og Frøyland og Orstad.
Dagleg leiar har kontor på Klepp kyrkjekontor i Kleppekrossen, men det er òg kontorplass i Orre kyrkje som kan disponerast.
Les om kyrkjelyden på https://www.facebook.com/groups/790453001033014/.
Arbeidsoppgåver
- Dagleg leiar for soknerådet si verksemd, og sakshandsamar/sekretær for soknerådet.
- Ansvar for budsjett og rekneskap.
- Dagleg drift og organisering i samarbeid med prest.
- Personalansvar for staben i Orre.
- Oppfylging av frivillige i samarbeid med prest.
- Drive informasjons - og profileringsarbeid for kyrkjelyden.
- Leie stabsmøte/samlingar.
- Dei øvrige arbeidsoppgåvene vert tilpassa den som vert tilsett, og stabssamansetjinga.
Kvalifikasjonar
- Relevant høgare utdanning og/eller erfaring innan leiing, økonomi og administrasjon.
- Erfaring frå kyrkjeleg eller anna kristeleg arbeid.
- Kunne kommunisere godt på norsk, skriftleg og munnleg.
- Medlem av Den norske kyrkja.
Personlege eigenskaper
- Evne til å arbeide sjølvstendig og samtidig inspirere, kommunisere og samarbeide godt med målgruppene, frivillige og stab.
- Engasjert, initiativrik, fleksibel, strukturert og heilskapstenkjande.
- Sjølvstendig og trygg på eiga rolle.
- Det vil verte vektlagt om søkjaren er personleg eigna til stillinga.
Me kan tilby:
- Spanande stilling i eit godt arbeidsmiljø.
- Løn etter gjeldande tariff.
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
Anna:
- Søkjar må kunne disponere bil.
- Ein må rekne med noko arbeid på ettermiddags-/kveldstid, samt noko helgearbeid.
- Den som får tilbod om stillinga må leggje fram godkjend politiattest før tilsetjing.
- Tiltreding snarleg
Kontaktinformasjon
Hilde Norland Djønne, Fungerande kyrkjeverje., 48 12 54 50
Arbeidsstad
Orre kyrkje, Åsevegen 37
4343 Orre
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Klepp kyrkjelege fellesråd
Referansenr.:4239601580
Stillingsprosent: 35%
Fast
Søknadsfrist: 09.06.2020
Om bedriften
null