Rektor
Org.nr.:963923511 Stillingsident: Presentasjon av stillingen :
Vil du vere med å utvikle Førdeskulen vidare?
Vi har ledig stilling som vikar for rektor ved Karstad skule frå 01.08.2019.
Førdeskulen som merkevare er utvikla over mange år og kommunen vart nr. 2 i KS si kåring av skuleeigarar i 2008. I 2012 vart vi kåra til den beste skulekommunen i landet av Kommunal Rapport og i 2014 var vi nr 3 i same kåringa. Vi treng no ein dyktig vikar for rektor ved Karstad skule som vil vere med på vidareutviklinga av Førdeskulen/Sunnfjordskulen.
Karstad skule er ein fådelt skule med 7 elevar.
Førde kommune er organisert i 2 nivå der rektor har fullt ansvar for drifta i skulen, og rapporterer direkte til rådmann/kommunalsjef for skule og barnehage.
Kvalifikasjonar for stillinga
Det er eit krav med pedagogisk utdanning og ønskeleg med leiarerfaring.
Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju.
Velkomen som søkar! Link til søknadsskjema: Send søknad For mer informasjon kontakt: , Helge Sæterdal, Mobil +47 99232021, Epost: helge.saeterdal@forde.kommune.no
Om bedriften
Førde ligg midt i Sogn og Fjordane og tilbyr rike naturopplevingar med sine vakre elvar, fjell og dalar. Kommunen har om lag 13 000 innbyggarar og er sentrum for handel, service og utdanning i fylket. Vi har eit variert kulturliv med teater, kino, konsertar og utstillingar samt andre kulturhendingar. Mykje av dette er knytt til vår eiga storstove, Førdehuset, som også byr på svømmehall og idrettsanlegg. Førde kommune er den største arbeidsplassen i kommunen ved sida av Sentralsjukehuset og har om lag 1200 arbeidstakar innanfor mange ulike yrke.