Finansiell rådgivar Volda
Vi søkjer engasjert rådgivar
Sjølv om vi driv bank, er vi ikkje berre bankfolk. Vi som jobbar i Sparebanken Møre er også frivillige i lag og organisasjonar, ivrige supporterar og lokalpatriotar. Kvar dag treff vi menneske med store draumar og nye idéar. Gjennom å skape møteplassar, nettverk, og å finne gode løysingar vil vi vere ein pådrivar for at kundane skal nå måla sine.
No har du sjansen til å bli ein del av Team Møre. For i Sparebanken Møre får du ikkje berre ein jobb. Du blir ein del av eit team. I Team Møre er vi først og fremst opptatt av å skape gode opplevingar for kundane våre, kvar dag.
Det viktigaste for oss er deg, din kompetanse og ditt engasjement! Vi søkjer deg som gløder for lokalsamfunnet ditt, og som vil gjere ein forskjell. Vi ser etter deg som kjenner deg att i våre verdiar: engasjert, nær og handlekraftig.
Det er også flott om dette er deg:
- Du kommuniserer godt og elskar å treffe nye menneske
- Du er serviceinnstilt, har personleg drivkraft og er glad i å lære
- Du har relevant utdanning eller erfaring
Dersom du blir ein del av Team Møre, og skal vere med å begeistre kundane våre, vil du følge eit obligatorisk utdanningsløp gjennom Møreskolen for å bli autorisert finansiell rådgivar. Du kan lese meir om dette på autorisasjonsordningen.no. Som finansiell rådgivar får du ansvaret for dine eigne kundar, og du får vere med på å skape noko for og saman med kundane våre.
I Sparebanken Møre verdset vi mangfold blant våre tilsette fordi vi meiner at dette gir enda betre løysingar og opplevingar for kundane våre. Lurer du på om du er den rette og kan søkje? Kontakt oss for ein uformell prat.
Vi kan tilby deg spanande moglegheiter i Nordvestlandets største bank og har konkurransedyktige vilkår innan lønn, pensjon, forsikring og andre personalgoder.
Vi håpar du er inspirert og trigga til å bli ein del av Team Møre! Vi er klare til å høyre frå deg!
Søk innan 07.03.2021.
Om bedriften
Sparebanken Møre er den største banken på Nordvestlandet med kraft til å dyrke skaperkulturen som er her. Vi gir støtte til små draumar og store visjonar. Vi lagar møteplassar, nettverk og felleskap. Vi skal skape ein forskjell for kundane våre.
Vi har over mange år bygd opp eit stort kompetansemiljø knytt til person- og bedriftsmarknaden, samt aksje-, rente- og valutamarknaden. Saman med Møremegling er vi ein fullservicebank for personar, bedrifter og det offentlege. Vi har ein sterk kredittrating både nasjonalt og internasjonalt.
Nordvestlandet er ein region i utvikling med spanande moglegheiter og utfordringar for både privatpersonar og bedrifter. Vi skal vere pådrivar for lokal skaparglede, slik at vi kan fortsette å vere ein aktiv og engasjert bidragsyter til berekraftig utvikling av regionen vår framover. Med kontor over heile regionen, kjenner vi Nordvestlandet godt. Det er her vi gir tilbake. Det er her vi høyrer til.