Lærarar
Org. nr: - Stillingsident: 4189287329 Presentasjon av stillingen:
Inntil 500 % fast stilling og inntil 200 % årsvikariat som lærar ledig f.o.m. 01.08.2020. Heiltid/deltid.
Stillingane vil i hovudsak vere knytte til Skodje barneskule, men det kan òg bli ledig stilling ved Valle skule.
Arbeidsoppgåver
- Undervisning i ulike fag på 1.-7. trinn
- Teamsamarbeid, samarbeid heim-skule, møteverksemd og det som elles høyrer til lærar sin kvardag
- Felles utviklingsarbeid med vekt på fagfornyinga (Kunnskapsløftet 2020)
Kvalifikasjonar
- Godkjend lærarutdanning
- Minimum 30 studiepoeng i faga norsk, matematikk og/eller engelsk er ønskeleg
- Spesialpedagogikk
- IKT-kompetanse relevant for dei oppgåvene ein treng å handtere og lære frå seg i skulen
Personlege eigenskapar
- Du er positiv, samarbeidsorientert, engasjert og fagleg dyktig
- Du har gode kommunikasjonsferdigheiter, og godt lag med barn og vaksne
- Du har god kompetanse i å leie ei klasse, og til å leie elevane si læring
Vi tilbyr
- Ein positiv og utviklingsorientert fellesskap
- Tilsetting i IA-bedrift
- Løn og godtgjersler i tråd med avtaleverket
- Medlemsskap i SPK
Kontaktinformasjon
Trond P. Gisnås, Rektor/verksemdsleiar, 997 48 979
Arbeidsstad
Stadionvegen 21
6260 Skodje
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgjevar:Ålesund kommune
Referansenr.:4189287329
Stillingsprosent: 100%
Anna, Fast, Vikar
Søknadsfrist: 01.03.2020
Om bedriften
Ålesund kommune er den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet. Kommunen har rundt 67.000 innbyggarar. Området rundt byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og fiske, og kommunen har eit rikt og blomstrande kultur- og næringsliv. Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU.
Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 5.400 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er <<nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet>>.
Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.