Lærar/adjunkt
Org. nr: - Stillingsident: 4231598583 Presentasjon av stillingen:
Byglandsfjord og Bygland oppvekstsenter har skule, SFO og barnehage. Barneskulane er fådelte, og har om lag 45 elevar kvar. Bygland har ungdomsskule i tillegg. Lærarane arbeider tett saman i team, med elevane sin trivsel, tryggleik og læring som felles mål. Som fådelt skule, jobbar vi mykje temabasert på tvers av trinn på barnskulen. Frå hausten har begge oppvekstsentra ledig eit vikariat på 60 %, med moglegheit for meir. Ønska fagkombinasjon på Byglandsfjord er matematikk, naturfag, kunst og handverk, og kroppsøving. På Bygland er det ønskeleg med språkfag.
Arbeidsoppgåver
Kontaktlærarfunksjon med undervisning.
Andre funksjonar kan bli aktuelle.
Samarbeid med heimane og andre tilsette ved oppvekstsenteret.
Pedagogisk utviklingsarbeid innom og på tvers av team.
Kvalifikasjonar
På Byglandsfjord skule er det ønskeleg med: Matematikk, naturfag, kroppsøving, kunst og handverk, og mat og helse.
På Bygland skule er det ønskeleg med: Grunnskulelærar 1-7.
Oppdatert kunnskap om - og ferdigheit innan digitale verkty og læringsmetodar.
Interesse for tverrfagleg og temabasert tilnærming til læring.
Kunnskap om- og interesse for barn med særskilte behov.
Personlege eigenskapar
Engasjert og initiativrik.
Fleksibel og løysingsorientert
Evne til å sjå den einskilde elev, både fagleg og sosialt.
Evne til klasseleiing og å skape gode relasjonar mellom elevar
Skape godt samarbeid mellom skule og heim.
Vilje til å bidra til delingskultur, felles utvikling, og eit godt arbeidsmiljø.
Vi tilbyr
Varierte og meiningsfulle oppgåver.
Høve til å vere tett på den einskilde elev og til å gjere ein stor forskjell.
Høve til å vere med på spennande pedagogisk utviklingsarbeid.
Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø.
Kontaktinformasjon
Irene Moe, Tenesteleiar Bygland oppvekstsenter, 97 660 811, irene.moe@bygland.kommune.no
Hind Helene Harira, Tenesteleiar Byglandsfjord oppvekstsenter, 48 180 180, hind.helene.harira@bygland.kommune.no
Arbeidsstad
Byglandsfjord
4745 Bygland
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Bygland Kommune
Referansenr.:4231598583
Stillingsprosent: 60,00%
Vikar
Startdato: 01.08.2020
Sluttdato: 31.07.2021
Søknadsfrist: 03.06.2020
Om bedriften
Bygland kommune ligg midt i Setesdal. Kommunen har omlag 1200 innbyggjarar og framifrå tilhøve for friluftsliv ved fjord og fjell. Her er gode oppvekstvilkår og eit godt tenestetilbod. Vi tilbyr våre tilsette spennande arbeidsplasser der kommunen sine verdiar -- stolt, truverdig, framsynt, løysingsorientert og lojal - står i fokus. Bygland kommune har nynorsk som offisiell målform.