Brukarstyrt personleg assistent - Bømlo heimeteneste
Stillingsannonsen er inaktiv.Bømlo kommune
Bømlo
Bømlo heimeteneste søkjer frå snarast brukarstyrt personleg assistent til kvinne på rundt 60 år med ME-diagnose. Arbeidstida er 6 timer per veke, fordelt på 2 dagar. Bømlo heimeteneste organiserar tilbod om heimesjukepleie, heimerehabilitering, praktisk bistand, dagtilbod for eldre, og brukarstyrt personleg assistanse. Mål for heimetenesta er at flest mogleg av brukarane får hjelp/bistand til å meistre eige liv i eigen heim eller anna tilrettelagt bustad.
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåvene er hovudsakleg husarbeid, handling og kjøring til sosiale aktiviteter (brukar har eigen bil). Stillinga krev ingen formell utdanning, det viktigaste er at me har ein god kjemi/dialog og at du meistrar dei gitte oppgåvene. Søkjaren må jobba sjølvstendig og i tillegg vera god til å overhalde avtalar, men må også rekna med at avtaler moglegeins kan verta endra på kort varsel på grunn av brukarens dagsform.
Andre opplysningar:
BPA-brukaren vel sjølv sin assistent i samråd med Bømlo heimeteneste
Må ha førarkort
Tilsetjing skjer på vanlege kommunale vilkår
Det er krav om gyldig politiattest
Det er krav om eigenerklæring på MRSA og tuberkulose
Kontaktperson: avdelingsleiar Elin Akse Vik 53 42 34 45 / 412 48119
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Bømlo kommune
Adresse
Bøtun 3, 5430 Bremnes
Om stillingen
Antall stillinger
1
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Offentlig
Sist endret: 4. november 2020
Hentet fra: bomlo.kommune
Referanse: 235857
Stillingsnummer: 44cb02e3-cc0f-478d-924b-c44708c60a75