dialysesjukepleiar 60% vikariat
Org. nr: - Stillingsident: 4386609676 Presentasjon av stillingen:
Det er per i dag 5 behandlingsplassar i avdelinga med kapasitet til å gi 10 pasientar som treng hemodialyse behandling 3 dagar i veka (måndag, onsdag, fredag). Me har i tillegg disponibelt eit isolat som ein kan gjennomføra dialyse ved.
No er det er trong for fleire sjukepleiarar som kan vera med i dialyseteamet.
Eininga er organisert under Felles Intensiv Avdeling, med Funksjonsleiar som næraste overordna. Dette vikariatet er berre knytt til dialyseavdelinga.
Me flyttar inn i nyoppussa dialyselokale i juni 2021 med nytt vannreinseanlegg frå Braun.
Arbeidsoppgåver
- Pasientoppfølging og vegleiing av pasientar med behov for dialyse
- Sjukepleie til pasientar med intermitterande HD/HDF-behandling (Fresenius 5008)
- Praktisk gjennomføring av dialysebehandlinga
Kvalifikasjonar
- Autorisert sjukepleiar, gjerne med relevant vidareutdanning
- Minimum 2 års klinisk erfaring som sjukepleiar, ønskjeleg med erfaring frå nyremedisin/dialyse, men det er ikkje eit krav
- Beherska eit nordisk språk flytande, både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Me ønskjer ein fagleg engasjert sjukepleiar
- Du må trivast i eit aktivt og travelt miljø
- Du må vere oppsøkjande og nysgjerrig i forhold til oppgåver og utfordringar
- Du må trivast med både det akutte og det kroniske aspektet ved pasientbehandling
- Evne til, og ønskje om, å bidra til eit godt arbeidsmiljø er viktig
- Evne til å jobba sjølvstendig og i team
- Gode kliniske evner og fagleg trygghet
- Det blir lagt vekt på at du er personleg eigna
Vi tilbyr
- Ein spennande jobb i eit fagleg arbeidsmiljø
- Kalenderplan med 2-delt turnus, inkl. 3. kvar fredagskveld (16 i året)
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Medlemskap i pensjonsordning, 2% pensjonstrekk, yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring
- Triveleg arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
- Opplæringsprogram for nytilsette
- MTU-sertifisering
- 2 fagdagar årleg
Kontaktinformasjon
Agata Barbara Kapuscinska, funksjonleiar, 53491137/40729263, agata.barbara.kapuscinska@helse-fonna.no
Arbeidsstad
Tysevegen 64
5416 STORD
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Fonna HF
Referansenr.:4386609676
Stillingsprosent: 60%
Vikariat
Startdato: 01.06.2021
Sluttdato: 28.08.2022
Søknadsfrist: 19.05.2021
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4000 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland. Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.