Overlege
Org. nr: - Stillingsident: 4387716091 Presentasjon av stillingen:
Psykisk helsevern for barn og unge er samansett av Poliklinikkar i Kristiansund, Molde, Volda og Ålesund (BUP) og ein døgnseksjon med einingar i Molde og Ålesund.
Poliklinikken i Ålesund (BUP) er samlokalisert med akutt sengepost og har eit breitt samansett og spennande fagmiljø som gir differensierte behandlingstilbod til barn og unge, og familiane deira. Personalet vårt på poliklinikken består av fleire yrkesgrupper og er organisert i tverrfaglege, geografisk organiserte team. I tillegg har vi småbarnsteam, akutt/ambulant team og eit spesialisert OCD-behandlingsteam. Utvikling av høgt spesialisert behandlingskompetanse i forhold til enkelte lidelsar er organisert i ressursgrupper for heile avdelinga, dette gjeld spiseforstyrrelse, psykose, ambulant/akutt arbeid.
BUP Ålesund har eit aktivt gruppebehandlingsmiljø og bidreg til utvikling av mentaliseringsbaserte gruppebehandlingsformer for ungdommar i Norge.Vi legg vekt på tett samarbeid med førstelinjetenesta, noko som betyr at rettleiingsoppgaver for desse er ei forventa arbeidsoppgåve.
Vi har ledig 2 overlegestillingar for spesialist i barne- ungdomspsykiatri på poliklinikken i Ålesund.
Legane vil ha fast arbeidsstad og teamtilknyting til poliklinikken, men vi arbeider for eit felles fagmiljø i avdelinga og ein må vere merksam på at ein difor i periodar også kan få arbeidsoppgåver knytt til sengepost. Legespesialistar i Ålesund server bakvaktsordning knytt til akutt sengepost, og det medfører at deltaking i vakt er ei forventa arbeidsoppgåve.
Akutt sengepost er ansvarleg for ø-hjelp-tilbodet i heile fylket. Vi har 10 sengeplassar, 8 av disse er akuttplassar og 2 plassar er for intermediære og utgreiingsopphald. Sengeposten er godkjent for mottak av pasientar til tvungen psykisk helsevern.
Arbeidsoppgåver
- I poliklinikken utgreier og behandlar vi barn og ungdom med psykiske lidelsar innan aldersgruppa 0 -- 18 år. Det er forventa at lege deltek i alle delar av pasientforløpet. Stillingane er knytt til geografiske generalistteam, og for desse stillingane vil det seie at målgruppa hovudsakeleg vil vere barn og ungdom over 6 år.
- Deltaking i bakvaktsordning knytt til ungdomspsykiatrisk sengepost.
- Deltaking i opplæring og vegleiing til anna helsepersonell (t.d. vegleiing/supervisjon til LIS).
Kvalifikasjonar
- Vi ønskjer oss legar med fullført spesialisering innan barnepsykiatri
- Søkjar som ikkje har fullført spesialisering kan og søkje
- Den som blir tilsett må mestre norsk språk, muntleg og skriftleg
- Det er krav om framlegging av politiattest før tilsetting
Personlege eigenskapar
- Søkjar bør ha evne og vilje til samarbeid og omstilling
- Tilsette blir kontinuerleg involvert i fag- og organisasjonsutvikling og det blir forventa aktiv deltaking og sjølvstendig initiativ i denne utviklingsprosessen
- Stor arbeidskapasitet og evne til å strukturere eigen arbeidskvardag innanfor avtalt arbeidstid
- Søkjar vil bli del av eit tverrfagleg team i seksjonen, og personlege eigenskapar som passar for stillinga vil mellom anna bli vurdert mot evne til samhandling
Vi tilbyr
-
Sterkt tverrfagleg samarbeid
-
Ein inkluderande arbeidsplass
-
Løn etter gjeldande overeinskomstar
-
Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Byen med den vakre Jugendstilarkitekturen, er vidkjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teke ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit rikt kultur- og konsertliv, med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som berre ventar på å få begeistre deg, Les meir om byen og omland her: https://no.visitalesund.com/
Kontaktinformasjon
Inger Ann Berge, Seksjonsleiar, 70167200, inger.ann.berge@helse-mr.no
Arbeidsstad
Geilebergvegen 20
6017 Ålesund
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.:4387716091
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.06.2021
Søknadsfrist: 24.05.2021
Om bedriften
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, men har også sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Våre sjukehus finn du i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund, og i tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Vi legg til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Uansett kva stilling du søkjer, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og di kompetanse på ein stad kor det verkeleg tel. Bli med på laget!
For meir informasjon om helseforetaket, sjå Helse Møre og Romsdal