Helsefagarbeidar
Me søkjer:
Helsefagarbeidar fast stilling 33,16% natt, i instutisjon og heimebaserte tenester v/ Ølen Omsorgssenter.
Tiltreding snarast.
Hovudarbeidsoppgåver
- Varierte helsefaglege oppgåver
- Bidra til inovasjon og fagleg utvikling
- Rettleia lærlingar og elevar
- Samarbeid med andre fag/yrkesgrupper
- Ressursgruppeoppgåver
- Andre oppgåver kan bli lagt til
Hos oss får du ein spennande arbeidskvardag med mange forskjellige utfordringar og moglegheiter. Du vil møta ulike utfordringar, både akutt situasjonar og personar med kroniske lidingar.
Kvalifikasjoner
Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar, må ha gode norskkunnskaper både munnleg og skriftleg. Må ha førerekort for oppdrag i heimetenesten.
Andre opplysninger
Pleie og omsorgseininga i Vindafjord kommune er i utvikling og ynskjer å høyre frå deg som vil gjere ein forskjell i kommunehelsetenesta. Du brenn for at brukarane våre skal få behalde/utvikle sine ressursar og få morligheit til å leva aktivt i eige liv så lenge som mogleg. Som tilsett hos oss får du vera med å utvikla tenestene ved din arbeidsplass på ein framtidsretta måte.
Vil du bli med i vårt team?
Ved arbeid i barnehage, skule, SFO og einingane helse og omsorg, barnevern- og tilrettelagde tenester skal det og leggast fram godkjend politiattest. Ved arbeid i barnehage, skule eller helse og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på tuberkulinkontroll før oppstart i jobb dersom du har budd/opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn tre månadar. Ta kontakt med helsesjukepleiar viss du er i tvil. I tillegg skal personell i helse og omsorg legga fram helseopplysningsskjema i høve til MRSA.
Personlege egenskaper
Du må vera fagleg dyktig, lika utfordringar, trivast i eit aktivt miljø, vera løysingsorientert, ha gode samarbeidsevne og godt humør. Du må og vera fagleg oppdatert, engasjert og trygg på eigen kompetanse. Personlege eigenskaper vert vektlagt.
Me kan tilby
- Variert arbeid i positivt miljø
- Faglege utfordringar og utvikling som fagperson
- God opplæring og samarbeid med andre
- Rabatt på treningssenter
- Bedriftskunstlag
- Tilsetjing på vanlege vilkår
- Fra løna vert trekt 2 % innskot til pensjonsordning
- Kommunalt kor, KORe' Vindafjord www.korevindafjord.no
Lønsvilkår
Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk.
Søknad sendes
Vindafjord kommune ber alle våre søkjarar å søkje på stillinga elektronisk. Du kan laste opp attestar og vitnemål som vedlegg i .pdf-format. Om du ikkje har dei elektronisk eller i rett format må dei takast med til intervju. Du kan komme med på offentleg søkjerliste sjølv om du har bede om unntak. Me tek kontakt før eventuell offentleggjering av søkjerliste.
Om bedriften
Vindafjord kommune er sentralt plassert på Indre Haugalandet og grensar mot Tysvær, Etne, Sveio, Suldal og Sauda. Vindafjord har 9 bygder med 8.900 innbyggjarar. Kommunesenteret Ølen ligg 5 mil frå Haugesund. Vindafjord er ein storlandbrukskommune, har eit særs sterkt og variert næringsliv og ambisjon om å verasentrum for Indre Haugalandet. Kommunen ligg strategisk til og har ei lang kystlinje bådemot Sunnhordlands- og Ryfylkebassenget. Saman med turstiar i skog og fjell, gjev dette gode høve til eit allsidig friluftsliv. Tenestetilbodet er godt utbygd både for born, unge og eldre.