Vi søkjer prosjektinnkjøpar til Brødrene Aa AS
Brødrene Aa leverer driftsoptimale fartøy med god kvalitet og lang levetid. For oss er det viktig at våre tilsette har høg kunnskap om produktet vi leverer og innsikt i faktorar som påverkar resultatet. Prosjektinnkjøper vil ha tett dialog med kollegaer på tvers av fagdisiplinar - struktur, elektro, maskin, rør og innreiing.
Vi ser etter deg som forstår at det er menneska som skaper resultat og som vil, i samarbeid med eit godt team, vere med å utvikle oss vidare.
Arbeidsoppgåver:
- Gjennomføre innkjøp av materiell og utstyr
- Oppfølging av leveransar, både leveranse av materiell og nødvendig dokumentasjon
- Kontroll og attestering av inngåande fakturaer
- Registrere og følgje opp avvik knytt til manglar ved innkjøpt materiell og utstyr
- Bistå som ressurs i alle delar av innkjøpsprosessen (herunder planlegging, utarbeide førespurnadar og evaluere tilbod, delta i forhandlingar og kontraktsinngåingar etc.)
- Ha tett dialog og delta på møter med prosjektleiarar og konstruksjonsavdeling
- Bidra med å vidareutvikle innkjøpsprosessar, -prosedyrar og -system
Vi tilbyr:
Varierte og spennande arbeidsoppgåver
Godt arbeidsmiljø med kompetente kollegaer
Ønska kvalifikasjonar:
- Teknisk interesse, innsikt og forståing
- Kommersiell forståing
- Gode datakunnskapar
- God formuleringsevne på norsk og engelsk, skriftleg og munnleg
- Høgare utdanning/fagutdanning innan teknisk og/eller økonomiske fag kan vere ein fordel, men for den rette kandidat kan erfaring eller andre kvalifikasjonar kompensere for dette
Personlege eigenskapar:
- Lagspelar, gjerne med interesse for skipsbygging
- Strukturert, systematisk og nøyaktig
- Sjølvgåande og proaktiv
- Gode samarbeidsevner
Om bedriften
Vårt hovudkontor og produksjonsanlegg ligg i Hyen, Nordfjord, på vestkysten av Norge, og har 190 dyktige medarbeidarar. Dette er knutepunktet for engineering og produktutvikling i selskapet.
På det nærliggande Eikefjord-anlegget utfører vi service og reparasjon, samt ombygging av fartøy.
Vår verdikjede inneheld alle aktivitetar frå sal til ettermarknadstenester - inkludert produktutvikling og design,?engineering, og produksjon av komplette fartøy.