Sommarvikariat for sjukepleiar og vernepleiar i Helse Bergen frå juni 2020
Org. nr: - Stillingsident: 4167030389 Presentasjon av stillingen:
Haukeland universitetssjukehus er eit av landets største og mest avanserte sjukehus. Vi jobbar for å fremje helse og livskvalitet. Dei tilsette er den viktigaste ressursen vår og vi arbeider for å knyte til oss dei beste fagfolka og vil leggje til rette for at alle tilsette skal trivast og yte sitt beste.
Vi har ledig vikariat ved ulike avdelingar med oppstart frå sommaren 2020. Du må oppgi i søknaden kva stilling(ar) du søkjer og oppgi avdeling(ar) i prioritert rekkjefølgje.
Kvalifikasjonar (overskrift)
Avdeling for Rusmedisin, AFR Skuteviken har ledig:
- sommarvikariat som sjukepleiar eller vernepleiar på natt. Eit vikariat er for perioden veke 25 - 29 og eit vikariat er for perioden veke 29 til 33. Skriv i søknaden kva periode(ar) du søkjer.
Det er også ledig sommarvikariat ved desse einingane:
som sjukepleiar:
- Voss sjukehus, Medisinsk sengepost og Kirurgisk sengepost * Øre-nese-hals og auge sengepost* Avdeling for kreftbehandling og medisinsk fysikk, Poliklinikk * Medisinsk avdeling, Post 5V, poliklinikk og Medisinsk undersøkelsesavdeling * Ortopedisk klinikk, Skadepoliklinikken* Lungeavdelinga * Kirurgisk klinikk, post 1, post 3 og post 4.
som sjukepleiar eller vernepleiar:
- Avdeling for Rusmedisin, Tertnes, Askøy og LAR * Øyane DPS, Allmenn døgn og Rehabilitering døgn * Bjørgvin DPS, Allmenn døgn C1 og C3 * Kronstad DPS, Allmenn døgnbehandling, Psykose døgnbehandling og Psykose dagbehandling og gruppepoliklinikk * Klinikk for sikkerheitspsykiatri, Lokal sikkerheitspost * Avdeling for rusmedisin (AFR), Rusmedisin Dr. Martens og Klokkarvik * Psykiatrisk klinikk - Sandviken
For sommarvikariat er arbeidsperioden veke 25 - 33(34) og ein må kunne jobbe samanhengande i minum 6 veker. Dersom du har spesielle ønskjer til arbeidsstad/avdeling, må du skrive dette i søknaden.
Kvalifikasjonar
- Du har eller vil få norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar seinest våren 2020
- Må meistre godt norsk både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Du er opptatt av at pasientane skal vere trygg på at dei får god pleie, respekt og omsorg medan dei er på sjukehuset
- Du er opptatt av kvalitet i arbeidet og er fagleg engasjert
- Du er god på samarbeid
Vi tilbyr
- 100% stilling. Felles introduksjons- og opplæringsdagar i tillegg til opplæring på avdelinga
- Ein spennande og utfordrande jobb
- Eit aktivt bedriftsidrettslag med mange ulike typar aktivitetar
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Linda Greve Iversen, Seksjonsleiar Helsepersonell, Bemanningssenteret, 55976900
Anniken Knag Haukeland, Spesialsjukepleiar Bemanningssenteret, 55976900
Arbeidsstad
Helse Bergen
5021 Bergen
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Bergen
Referansenr.:4167030389
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 14.06.2020
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.