Psykolog, arbeidsretta rehabilitering
Senteret har fem stillingar fordelt på psykologar og samtaleterapeutar, og oppfyller krava for spesialisering i arbeids -- og organisasjonspsykologi.
AiR-klinikk skal med tverrfagleg kompetanse bidra til at pasientar med samansette plager og nedsett arbeidsevne får auka livskvalitet og arbeidsdeltaking gjennom individuell rettleiing og gruppeundervisning.
- AiR-klinikk har fire team som består av psykolog/samtaleterapeut, lege, fysioterapeut, arbeidskonsulent og idrettspedagog.
- Kvart team har ansvar for opptil 17 deltakarar.
- Opphaldet for kvar gruppe er døgnbasert og går over fire veker.
Me ser etter desse kvalifikasjonane:
- Kompetanse innan kognitiv terapi, metakognitiv terapi eller liknande terapimetodar
- Erfaring med individuelle samtaleforløp
- God kommunikasjons- og samarbeidsevne som kan bidra til eit utviklande fagmiljø
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne
- Engasjement i tverrfagleg samarbeid
Arbeidsoppgåver:
- Individuell rettleiing
- Undervising av deltakarar i grupper
- Gjennomføring av kartleggings -- og vurderingssamtaler
- Primærkontakt med ansvar for generell rettleiing
- Ha kontakt med NAV, arbeidsgjevarar og/eller andre involverte
- Henvisingar ved behov
- Arbeid med epikrise for deltakar
Me tilbyr:
- Høve til fagleg utvikling internt i organisasjonen og gjennom kurs, etterutdanning og spesialisering i arbeids -- og organisasjonspsykologi
- Høve til å bidra til eit utviklande fagmiljø innan fagfeltet arbeidsretta rehabilitering
- Arbeidstid: Kvardagar kl. 08.00-15.30
- Konkurransedyktige løns- og pensjonsvilkår
- Hjelp til å skaffe møblert bustad
Om du er interessert i natur og friluftsliv kan omgjevnadane i Vinje kommune og Vest-Telemark gje deg rike opplevingar i alle årstider.
Me ser fram til å høyre frå deg.
Om bedriften
Rehabiliteringssenteret AiR er ein landsdekkande ideell institusjon i spesialisthelsetenesta innan arbeidsretta rehabilitering. Me har ca. 65 årsverk og 80 tilsette. AiR-klinikk er CARF-akkreditert, noko som bidreg til at rehabiliteringstenestene er målbare, forsvarlege og av god fagleg kvalitet. Me delar lokale og organisasjon med Nasjonalt Kompetansesenter for arbeidsretta rehabilitering med ansvar for å forske på best practice innanfor fagfeltet. Senteret ligg i Rauland i Telemark, omgjeven av flott natur som nyttast aktivt i rehabiliteringsarbeidet. Bygda er eit levande og aktivt samfunn i vekst med fleire kunnskapsbedrifter og organisasjonar.