Ferievikarar - helse og omsorg
Har du lyst til å vere ein del av teamet vårt i sommar?
ID 590
Søknadsfrist 10. mars 2019
Publisert12.02.2019 13.59 Sist endra20.02.2019 08.48 Helse- og omsorgssektoren i Vanylven kommune har behov for ferievikarar fylgjande stader:
- Avdeling Bu og avlastning -- herunder verna bustadar, avlastning og aktivitetssenteret
- Sone Nord -- herunder heimebasert omsorg og Syvdetun
- Vanylven helse og omsorgssenter: avdeling 3, avdeling 2, avdeling 2 skjerma eining, avdeling 1/ Sone Sør - herunder heimebasert omsorg og kjøkken
- Avdeling Førebygging og rehabilitering: herunder Fjordblikk
Vi har behov for ferievikarar medio juni medio august, med noko variasjon mellom dei enkelte avdelingane. Om det er ein bestemt stad du ynskjer å arbeide, hadde det vore fint om du skriv det i søknaden.
Det vert søkt etter personar med utdanning innan helse og omsorg, kokke- og reinhaldsfaget, studentar innan desse faga samt ufaglærte og personar med interesse om å jobbe innan desse områda .
Arbeidet krev god helse. Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar som t.d. positiv, stå på vilje, ansvarsbevisst og gode samarbeidsevner.
Dei som skal arbeide i sonene må ha førarkort og helst disponere bil.
For nærare opplysningar kan de ta kontakt med den enkelte sone/avdelingsleiar eller kommunalsjef Arnhild Nordaune på telefon 70030000.
Søknad sendast på kommunen sitt søknadsskjema. CV skal fyllast
inn i søknaden. Kopi av attestar og vitnemål skal leverast ved førespurnad.
Gjer vel å gje opp stillings ID