Miljøterapeut EM-tiltaket, 100 % vikariat
Vikariat i 100% stilling som miljøterapeut ved EM-tiltaket frå 23.03.2020 - 13.11.2020
Ynskjer også fleire tilkallingsvikarar som miljøterapeut/miljøarbeidar frå d.d.
Ber om at søkjarar oppgir om dei eventuelt ynskjer å stå på vikarliste.
Om arbeidsstaden
EM-tiltaket er eit kommunalt bufellesskap som gjev bu- og omsorgstilbod til einslege mindreårige flyktningar i alderen 13 til 20 år på Voss. EM-tiltaket er ein del av eining for Integrering og vaksenopplæring, og høyrer til i Kommunalavdeling oppvekst. Tiltaket er plassert i Skulestadmoen.
Arbeidsoppgåver
Stillingane inngår i medlevarturnus i EM-tiltaket, og har det daglege ansvaret for bebuarane i tiltaket, samt rapportskriving.
Me søkjer
Krav til miljøterapeut:
Barnevernspedagog, sosionom eller vernepleiar.
Relevant tilleggsutdanning
Krav / ynskje til miljøarbeidar:
Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar
Relevant arbeidserfaring
Generelle krav:
Førarkort kl.B
Over 25 år
Referansar i søknaden
Politiattest (skal ikkje leggjast ved søknaden)
Me ynskjer deg som har personlege eigenskapar som: evne til å jobba sjølvstendig, er ansvarsmedviten og fleksibel.
Du må har hjarterom og god evne til å knytte relasjonar. Du må vera trygg på deg sjølv og tola å stå i diskusjonar og konfliktar, samt vera lojal mot fellesskapet.
Du må visa toleranse, vidsyn og evne til å sjå løysingar, kombinert med humor og evne til å by på seg sjølv er noko som vert verdsett.
Me tilbyr
Medlevarturnus, dvs. 2 og 3 døgn på arbeid, etterfylgt av 1 veke fri. Arbeid kvar 4. helg.
Gode vilkår for fagleg utvikling
Eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
Søknad
Voss herad ynskjer eit større aldersmangfald mellom dei tilsette, og oppmodar difor yngre arbeidstakarar om å søkje. Kommunen har eit personalpolitisk mål om at arbeidsstaben skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt, både når det gjeld kjønn og kulturelt mangfald.
Søk på stillinga ved å klikke på knappen til høgre. Attestar og vitnemål skal leggjast ved elektronisk eller sendast Voss herad, boks 145, 5701 VOSS, merka med stillingsreferanse. Søknadspapira vert ikkje returnerte. Ifølgje Offentleglova § 25 skal det svært gode grunnar til for å skjerme søkjarar frå offentleg søkjarliste.
Om bedriften
Voss - bygd for sterke opplevingar Du treng ikkje eta smalahove eller hoppa i fallskjerm for å bu og trivast på Voss, for me har mykje meir å by på! Voss herad har om lag 15.600 innbyggjarar, med Vossevangen som regionssenter. Bygda vår er senter for utdanning i regionen og har eit godt utbygd næringsliv. Voss er eit knutepunkt langs stamvegen aust - vest, og har godt togsamband til Bergen og Oslo. Voss herad er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 1350 tilsette. Nynorsk er administrasjonsmålet i kommunen. Kan du identifisera deg med verdiar som profesjonell, påliteleg, skapande og inkluderande, kan du bli ein del av laget vårt. Som vossingar flest går me sjølvsagt for gull.