Barnehagelærar
Org. nr: - Stillingsident: 4190548633 Presentasjon av stillingen:
Herøy kommune Oppvekst søkjer barnehagelærarar til stillingar i dei kommunale barnehagane Bergslia, Myrsnipa, Leikanger og Moltu.
Barnehagane i Herøy har høg trivsel mellom barn og tilsette. Dei driv eit aktivt utviklingsarbeid, med basis i Rammeplan og eigne utviklingsplanar. Komande barnehageår skal det arbeidast særleg med språkutviklinga hos borna. Dette sett i ein heilskapleg samanheng med språkutvikling og lesing i skulen.
I tillegg vektlegg vi det inkluderande miljøarbeidet og den autoritative vaksne, med basis i programmet "Være sammen".
Det vil bli tilsetjingar frå og med mars og heilt fram til starten på barnehageåret, alt etter inntak av barn i barnehagane og kva tid stillingane vert avklara.
Arbeidsoppgåver
Den som vert tilsett skal vere med å skape eit best muleg miljø for læring og utvikling for borna i barnehagen. Dette skjer i eit samspel med leiar, andre kollegaer og foreldra. Arbeidet omfattar å ta initiativ for å legge til rette aktivitetar som fremjar læring og utvikling, praktisk arbeid med og rundt borna, tilrettelegging for ulike prosjekt og tema. Den tilsette må kunne følgje barnehagen sitt vaktsystem, og må kunne delta aktivt i leik ute og inne.
Det kan bli aktuelt at ein nytilsett også får funksjon som pedagogisk leiar, dvs leiar for det pedagogiske og det praktiske arbeidet på ei avdeling.
Kvalifikasjonar
Vi treng barnehagelærarar med godkjend utdanning. Fagarbeidarar kan søkje på stillingane, og vil kunne bli tilsett midlertidig på dispensasjon dersom ein ikkje får nok kvalifiserte søkjarar.
Den som vert tilsett, må kunne kommunisere godt på norsk, både munnleg og skriftleg.
Godkjend politiattest må leggast fram ved tilsetting.
Kommunen har nynorsk administrasjonsmål.
Personlege eigenskapar
Den som vert tilsett, må ha autoritative eigenskapar. Grensesetjing og omsorg står sterkt. I tillegg vil vi vektlegge engasjement, kreativitet og fleksibilitet. Den tilsette må vere omgjengeleg og lærevillig, og vere ein god kollega i fellesskapet rundt borna.
Vi tilbyr
Vi kan tilby gode arbeidsfellesskap, med utvikling og læring for den enkelte.
Tilsetting er på dei vilkår som kjem fram av tariffavtale, lover og reglement. Aktuelle kandidatar vil verte kalla inn til intervju. Søkjarlista kan verte offentleggjort.
Kontaktinformasjon
Sølvi Lillebø Remøy, Kommunalsjef oppvekst, 95764125
Arbeidsstad
Rådhusgata 5
6090 Fosnavåg
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Herøy kommune
Referansenr.:4190548633
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 03.08.2020
Søknadsfrist: 06.03.2020
Om bedriften
Herøy kommune i Møre og Romsdal er perla yst i storhavet på Sunnmøre. Det er ein og ein halv time reisetid til Ålesund og under ein time til Ørsta-Volda lufthamn. Kommunen har nesten 9000 innbyggjarar, og om lag 650 tilsette i kommuneorganisasjonen. Næringslivet står sterkt i Herøy med lange tradisjonar for å skape verdiar frå hav og fiske. Ei båtlengd føre er kommunen sin visjon, og kjerneverdiane våre er respekt, tillit og samhandling. Vi har eit breitt kultur-, fritid- og idrettstilbod med festivalar og arrangement for alle. Naturen og kysten vår er vakker, og Runde med det mektige fuglefjellet er den store stoltheita vår!