Ledige fastlegeheimlar ved Herøy og Myrvåg legesenter
Org. nr: - Stillingsident: 4387823496 Presentasjon av stillingen:
Herøy kommune har 8850 innbyggjarar. Om lag 3700 av desse får i dag si fastlegeteneste utført av legevikarar på kontrakt. Av desse er 650 personar på ledig liste ved Myrvåg legesenter, og resten på ledige lister ved Herøy legesenter (pr. i dag fordelt på tre lister). Herøy kommune søkjer etter fastlegar for desse innbyggjarane.
Kommunen tilbyr ALIS-avtalar. For desse gjeld at dei må ha gjennomført LIS1, har ønske om å starte spesialisering i allmennmedisin, eller ønsker å prøve ut fastlegearbeid i minimum eit år.
Kommunen har to legesenter: Herøy legesenter og Myrvåg legesenter. I løpet av juli vert det i tillegg etablert ein solopraksis på Bergsøya av ein av fastlegane. Vi har i tillegg stilling for sjukeheimslege.
Myrvåg legesenter har hatt stabile fastlegar over tid. I tillegg til vakant heimel og LIS1, er her tre faste legar, der to av legane er spesialistar i allmennmedisin.
Herøy legesenter har hatt utskifting og omfattande vikarbruk særleg dei fire-fem siste åra. Frå juli er det ein fast lege ved legesenteret. I tillegg er det er oppretta LIS1-stilling frå 01.09.21.
Kommunen har legevaktsamarbeid med Søre Sunnmøre legevakt på kveld/helg/natt. (frå 1.juni)
Plan for legetenesta er under arbeid og er forventa vedtatt juni 2021. Denne vil verte styringsdokument for legetenesta i Herøy kommune.
Arbeidsoppgåver
For alle heimlane gjeld vanlege fastlegeoppgåver.
Det er pr. i dag ikkje knytt allmennlegeoppgåver til heimlane, men dette kan bli aktuelt, og det kan også vere ei moglegheit for dei som ønsker det. Særleg aktuelt er sjukeheimslegeoppgåver.
I utkast til plan for legetenesta, er 800-1000 listepasientar vurdert til å tilsvare eit årsverk.
For heimelen ved Myrvåg legesenter :
Ein ledig heimel med listetak p.t. 660. Dette kan endrast etter søkjar sitt ønskje.
Ordinære fastlegeoppgåver kan eventuelt kombinerast med sjukeheimslegeoppgåver, om ønskeleg.
For heimlar ved Herøy legesenter:
Tal på heimlar ved senteret er avhengig av ønskja listelengde for legane som søkjer.
Vi søkjer etter legar som vil vere med på å bygge opp og forme tenesta, og skape stabilitet ved legesenteret.
Vi ønskjer at ein av legane skal ha eit særleg ansvar for utviklinga av legesenteret og ha hovudansvar for rettleiing av LIS-legar. Dersom du ønskjer ei slik rolle, er det fint om du opplyser det i søknaden
Kvalifikasjonar
- du må oppfylle vilkår i Forskrift om kompetansekrav for leger
- du må gjerne vere spesialist i allmennmedisin eller vere i slik spesialisering
- det er ein fordel at du har erfaring som fastlege
- du må kunne ta ansvar for veiledning og/eller supervisjon av LIS-legar (LIS1 og ALIS) dersom du har kompetansen til dette
- du må ønske å bidra til å bygge opp eit fagleg, kollegialt fellesskap både på eige legesenter og i legetenesta i kommunen
For dei som søkjer på heimel med særleg ansvar for utvikling av Herøy legesenter:
- Leiarkompetanse og/eller -erfaring frå kommunal sektor eller legeteneste er ein fordel
- Du må kunne utarbeide individuelle planar for ALIS/LIS1 og å bidra til å søke om ALIS-tilskot
Politiattest må leggjast fram før oppstart
Personlege eigenskapar
- du likar eller har ønske om å vere fastlege
- det er naturleg for deg å møte innbyggjarane som einskildindivid slik du sjølv ønsker å bli møtt når du er sjuk og treng legehjelp
- du samarbeider godt med andre og ønsker å vere ein del av eit større kollegium som stiller opp for og støttar kvarandre, og som utviklar den samla legetenesta i kommunen
- du ser viktigheita av å samarbeide med andre tenester og deltek i samarbeid for å gi samla og koordinerte tenester for pasientar som treng det
- du har godt og jamt humør og er fleksibel
Vi tilbyr
- Valg mellom næringsdrift eller konkurransedyktig fast løn
- Gode lokale/utstyr
- Hjelpepersonell med lang erfaring
- Framtidsretta og godt organisert legevakt med om lag 35-delt vakt, som gir vakt om lag kvar 12. døgn fordelt på kveldsvakt, dagvakt helg og nattevakter
- Vi vil legge til rette for at spesialisering i allmennmedisin kan gjennomførast
- ALIS-avtalar for dei som er i ny spesialistordning
- 8.2-avtalar der kommunen dekker ein del av kostnadane
- Kostnadsfri overtaking av heimlane
- Du får vere med på å bestemme listelengde. I utkast til legeplan er 800 -1000 listepasientar vurdert til å tilsvare eit årsverk
Tilsetjing etter gjeldande tariffavtale, lover og reglement. Søkjarlista kan verte offentleggjort. Aktuelle kandidatar vil verte kalla inn til intervju.
Kontaktinformasjon
Runa Bakke, Avdelingsleiar, 91621147
Arbeidsstad
Eggesbøvegen 11
6092 Fosnavåg
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Herøy kommune
Referansenr.:4387823496
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.09.2021
Søknadsfrist: 28.05.2021
Om bedriften
Herøy kommune i Møre og Romsdal er perla yst i storhavet på Sunnmøre. Det er ein og ein halv time reisetid til Ålesund og under ein time til Ørsta-Volda lufthamn. Saman med kommunane Ulstein, Hareid, Sande, Vanylven, Ørsta og Volda utgjer vi 50.000 innbyggjarar. Arbeidsmarknaden er stor og variert, der dei maritime næringane har lange tradisjonar. Regionen har også anna industri og offentlege arbeidsplassar som sjukehus og høgskular. Herøy kommune er særleg kjend for å skape verdiar frå hav og fiske. Ei båtlengd føre er kommunen sin visjon, og kjerneverdiane våre er respekt, tillit og samhandling. Med kort veg til fjell og fjøre, gjev dette eit naturleg grunnlag for aktivitetar både på sjø og land. Vi har eit breitt kultur-, fritid- og idrettstilbod med festivalar og arrangement for alle. Naturen og kysten vår er vakker, og Runde med det mektige fuglefjellet er den store stoltheita vår!