Overlege Radiologi
Org. nr: - Stillingsident: 4266795946 Presentasjon av stillingen:
Arbeidsoppgåver
- Avdelinga utfører eit bredt spekter av undersøkingar, og det vert gjort mange forskjellige prosedyrer og intervensjonar.
- Det største volumet er på "vanlige" radiologiske undersøkingar innanfor alle modalitetar.
- Arbeidsoppgåvene er varierte, men vil kunne tilpassast søkers bakgrunn og erfaring, i samråd med avdelinga sine behov.
- Erfaring med intervensjon vil vere ein fordel, men opplæring kan også bli gitt dersom søkjar har interesse for forskjellige typer intervensjon.
- Det forventast at søkjar kan gå inn i avdelinga sin vaktturnus, som for tida er sjudelt.
- Avdelinga dekkjar sjukehusa i Molde og Kristiansund. Hovedarbeidsstad er i Molde, men det kan påregnast enkelte arbeidsdager i Kristiansund, etter avtale.
- Det forventast at søkjar kan delta i avdelinga si internundervisning, samt supervisjon og rettleiing av LIS.
Kvalifikasjonar
- Godkjend spesialitet i radiologi.
- Norsk autorisasjon som lege.
- God muntleg og skriftleg formidlingsevne på eit skandinavisk språk, fortrinnsvis norsk.
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner og kommunikasjonsevner
Vi tilbyr
- Lønn etter gjeldande tariff for Helse Møre og Romsdal.
- Avdelinga har eit godt arbeidsmiljø med dedikerte overlegar og LIS, og godt samarbeid med klinikarane
Kontaktinformasjon
Odd Arne Haram, Avdelingssjef, (+47) 711 22 395, Odd.Arne.Haram@helse-mr.no
Martin Grotnes, Seksjonsleiar (lege), (+47) 976 91 182, Martin.Grotnes@helse-mr.no
Arbeidsstad
Molde sjukehus
6412 Molde
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.:4266795946
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.10.2020
Søknadsfrist: 10.08.2020
Om bedriften
Helse Møre og Romsdal HF gir spesialisthelsetenester til innbyggjarane i fylket, og skal gjennom pasientverdiprosessen skape «pasientens helseteneste». Vår visjon er å vere ‘’På lag med deg for helsa di‘’. Føretaket er ein kunnskapsorganisasjon med om lag 6500 tilsette, fordelt på sjukehusa i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund, samt behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. «Kontinuerleg forbetring» er valt til hovudstrategi for helseføretaket. Vi arbeider for å utvikle leiarskap og ein samlande kultur til beste for fagleg tilbod, kvalitet og ressursutnytting. Føretaksadministrasjon ligg i Ålesund.
Vi ønskjer kvalifiserte søkjarar uavhengig av etnisk bakgrunn, kjønn eller alder. For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, ber vi deg opplyse om dette i søknaden. Innhaldet i stillinga kan bli endra. Ved tilsetting i stillingar der det er krav om det, føreset vi at du leverer tilfredsstillande politiattest. Som søkjar kan du be om å få namnet ditt unntatt frå offentleg søkjarliste. Arbeidsgjevar vil vurdere ei slik oppmoding og ta kontakt med deg dersom oppmodinga ikkje vert tatt til fylgje (jf Offentlighetsloven § 25). Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar.
For meir informasjon om helseforetaket, sjå Helse Møre og Romsdal