Sommarvikariat som pleieassistent
Org. nr: - Stillingsident: 4193147167 Presentasjon av stillingen:
Haukeland universitetssjukehus er eit av landets største og mest avanserte sjukehus. Vi jobbar for å fremje helse og livskvalitet.
Kvar sommar treng vi mange flinke pleieassistentar i arbeid og vi har no nye ledige vikariat i sommar. For å gjere det enklare for deg som søkjar, har vi felles rekruttering til avdelingar. Fint om du skriv i søknaden kor du ønskjer å arbeide. Kandidatar som kan jobbe samanhengande og i lengre periodar vil ha fortrinn.
Du må kunne jobbe i arbeidsperioden veke 25 - 33(34) og ein må kunne jobbe samanhengande. Ferie avtalast med avdelinga etter veke 33(34)
Det er ledige vikariat ved desse avdelingane:
Somatiske einingar:
- Voss sjukehus, Medisinsk- og Kirurgisk sengepost * Nevrologisk avdeling * Nevrologisk akuttpost * Nevrokirurgisk avdeling * Avdeling for kreftbehandling og medisinsk fysikk, Post 1/2 * Akuttmottak * Medisinsk avdeling, ulike postar og Post 2-Dialysen på Haukeland og Dialysesatelitt på Sotra * Lungeavdelinga * Klinikk for Hovud/hals * Ortopedisk klinikk, alle einingar
Psykiatriske einingar:
- Øyane DPS, Seksjon Rehabilitering døgn * Bjørgvin DPS, Allmenn døgn C1 og C3 * Klinikk for sikkerheitspsykiatri, Regional sikkerheitspost * Psykiatrisk klinikk, Avdeling Spesialisert Psykose (S3, S5, TPS, KRS), Avdeling Alderspsykiatri, Avdeling Spiseforstyrringar, Psykiatrisk Akuttmottak, PAM1 Bemanningssenteret ved Haukeland universitetssjukehus:
Bemanningssenteret har ledig sommarvikariat som pleieassistent. Du vi jobbe på tvers av avdelingar innan Psykiatri, Somatikk og avdeling for Rusmedisin. Dette er ein unik moglegheit til å få breiddeerfaring frå fleire fagfelt.
Du kan lese meir på vår heimeside helse-bergen.no/avdelingar
Arbeidsoppgåver
- Du vil inngå i drifta ved avdelinga
- Du vil delta i eit tverrfagleg samarbeid om å gi pasientar og pårørande eit best mogleg opphald på avdelinga
Kvalifikasjonar
- Du er under helsefagleg utdanning
- Du må ha relevant pleieerfaring, erfaring frå sjukehus vil vere ein fordel
- For stillingar innan somatiske einingar må ein ha 400 timar pleieerfaring
- Du må meistre norsk skriftleg og munnleg
Utdanningsretning
- Sjukepleie
- Vernepleie
- Psykologi
- Medisin
Utdanningsnivå
- Høgskule/universitet, diplom-/ bachelorgrad
Personlege eigenskapar
- Du er opptatt av at pasientane skal vere trygg på at dei får god pleie, respekt og omsorg medan dei er på sjukehuset
- Du har god arbeidsmoral, er opptatt av kvalitet i arbeidet og er fagleg engasjert
- Du har gode samarbeidsevner og godt humør
Vi tilbyr
- Introduksjon og opplæringsdagar
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
Kontaktinformasjon
Anniken Knag Haukeland, Spesialkonsulent, 55976900
Arbeidsstad
5021 Bergen
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgjevar:Helse Bergen
Referansenr.:4193147167
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 01.03.2020
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.