Spesialist i klinisk psykologi/psykolog
Org. nr: - Stillingsident: 4386102751 Presentasjon av stillingen:
I Helse Møre og Romsdal HF er Psykisk helsevern for barn og unge samansett av poliklinikkar i Kristiansund, Molde, Ålesund og Volda (BUP) og ein døgnseksjon.
Poliklinikken i Volda har eit breitt samansett og spennande fagmiljø som gir differensiert behandlingstilbod til barn, unge og familiane deira i 7 kommuner på Sunnmøre.
Poliklinikken er delt inn i 3 tverrfaglege, geografiske team som gir tilbod om utgreiing og behandling til barn og unge i alderen 0-18 år. Ved poliklinikken er det etablert småbarnsteam, akutt ambulant team, familieteam, traumeteam, samt at det er etablert OCD-team på tvers av poliklinikkane i Ålesund og Volda.
Har du lyst å arbeide saman med oss for å skape ein betre kvardag for barn og unge?
Ved poliklinikken i Volda (BUP) har vi ledig 100 % vikariat for spesialist i klinisk psykologi/psykolog. Stillinga kan på sikt verte omgjort til fast stilling.
Midt i det beste Norge kan by på av fjord og fjell finn du Volda. Opplev dei ville og vakre Sunnmørsalpane som byr på alt frå enkle ruter og oppmerka stiar i flate fjelldalar til utfordrande klatreturar og fantastiske toppturar.
Volda byr også på eit særs blomstrande kultur- og idrettsliv og eit framoverlent høgskulemiljø. Volda har gode kommunikasjonar, med flysamband til både Bergen og Oslo frå Ørsta/Volda lufthamn. Sjå meir om Volda her: https://www.youtube.com/watch?v=FHDuVf1TpYY og her: https://www.youtube.com/watch?v=NGSg6xygovY
Arbeidsoppgåver
- Utgreiing og behandling av psykiske vanskar
- Rettleiing til foreldre/føresette
- Vi legg vekt på godt samarbeid med førstelinjetenesta. Rettleiings- og konsultasjonsoppgåver til samarbeidspartar inngår som del av arbeidsoppgåvene
- Pasient- og pårørandearbeid
Kvalifikasjonar
- Vi ynskjer å tilsette ein spesialist i klinisk psykologi/psykolog
- Erfaring frå arbeid innan Psykisk helsevern for barn og unge vert vektlagt
- Relevant testkompetanse
- Vi ynskjer ein søkjar som både kan arbeide sjølvstendig og i samarbeid med andre
Personlege eigenskapar
- Ved tilsetting vert det lagt vekt på personleg dugleik og på evne til samarbeid, samt effektivitet og fleksibilitet
- Formelle faglege kvalifikasjonar
- Relevant praksis
- Sertifikat for bil er ynskjeleg på grunn av utadretta arbeid
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Løn etter gjeldande overeinskomst. Rekrutteringstillegg.
- Varierte og utfordande arbeidsoppgåver innan eit fagfelt som er i utvikling
- Studiepermisjon 4 mnd. kvart 5. år for spesialistar
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Høve til fagleg utvikling
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Kari Standal, Seksjonsleiar, 70058570
Arbeidsstad
Kløvertunvegen 1
6100 Volda
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.:4386102751
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 01.08.2021
Sluttdato: 01.08.2022
Søknadsfrist: 26.05.2021
Om bedriften
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, men har også sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Våre sjukehus finn du i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund, og i tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Vi legg til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Uansett kva stilling du søkjer, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og di kompetanse på ein stad kor det verkeleg tel. Bli med på laget!
For meir informasjon om helseforetaket, sjå Helse Møre og Romsdal