Inntil 50% ledig stilling som Ungdomsarbeidar
Ungdomsarbeidar i Ål
Ål kommune, Ål ungdomsfrivilligsentral
Ål kommune har ledig inntil 50 % engasjement som ungdomsarbeidar til 31.08.22 der det kan vere mogeleg å forlenge kontrakta.
Vi søker deg som trivst saman med barn og ungdom. Du som likar å ta ein prat, spele, le, og ikkje minst tek dei på alvor og lyttar på det dei har å seie. Du er reflektert, til stades og god til å rettleie ungdom i kvardagen. Du må ha evne til å skape gode relasjonar og bidra til eit godt sosialt fellesskap, der alle blir inkludert. Me vil at du bidreg til at dei som veks opp i Ål skal bli flygedyktige og rotfaste.
Stillinga er organisert under Ål ungdomsfrivilligsentral og ALLEMED-koordinatoren.
Du kjem på lag med engasjerte medarbeidarar som brenn for det dei gjer og eit godt fellesskap.
Du får varierte arbeidstider og arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg team.
Arbeidsoppgåver:
- Arbeidstider vil vere ettermiddag, kveld og helg
- Hovedarena er Hallung ungdomsklubb for ungdom i alderen 13- 19 år
- Delta i «open hall» for ungdom (fysiske aktivitet)
- Aktivitetar og arrangement som gjeld barn og unge i Ål kommune
- Andre prosjekt som fremjar god psykisk helse hos barn og unge
Vegen blir til mens ein går.
Me søkjer deg som har:
-interesse for førebyggande arbeid for barn og ungdom
-gode evner til å skape relasjonar
-er ein trygg vaksen
-gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
-pågangsmot og engasjement
-er lojal og positiv
- er fleksibel og løysingsorientert
- god i norsk munnleg
- evne til å arbeide sjølvstendig
Det vert lagt avgjerande vekt på personlege eigenskapar.
Kvalifikasjonar:
Ingen formell krav til utdanning, me oppmodar unge vaksne til å søke.
Kan starte opp så snart som mogleg.
Lønsvilkår
Lønn etter gjeldande tariffavtale. Arbeidsforholdet er regulert av Hovudtariffavtala.
Den som vert tilsett må legge fram politiattest. Den skal ikkje leggast med som vedlegg til søknaden, men skal sendast inn dersom det vert gjeve tilbod om stilling. Politiattesten vert makulert etter at den er nytta i samband med tilsettinga.
Send søknad
Det skal sendast elektronisk søknad. Velg " Send søknad" og fyll ut den elektroniske søknaden.Søkjarar som ynskjer å vere unnateke offentlegheit må grunngje dette særskilt i søknaden.
Informasjon etterkvart i tilsettingsprosessen vert sendt på e-postadressa du loggar deg på med. Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Intervju vert gjennomført fortløpande etter kvart som søknadene vert motteke. Til intervjuet må du ta med attesterte kopiar av vitnemål og ev. tenesteattestar dersom desse ikkje er lagt inn i den elektroniske søknaden.
Søknadsfrist 11. februar 2022.
Du er velkommen til å ta kontakt dersom du har spørsmål.
Håvard Gåsterud tlf: 46860039 eller epost: haavard. gaasterud@aal.kommune.no
Link til søknadsskjema: Send søknad