Ungdomskoordinator
Org.nr.:864 338 712 Stillingsident: Presentasjon av stillingen :
Kort om stillinga:
Det er ledig 50 % nyoppretta stilling som ungdomskordinator. Stillinga er lokalisert på Osterøy integrerings- og læringssenter på Hauge. Du vil vere ein del av Osterøy kommune sin satsing på barn og ungdom. Det er mulig med stor grad av fleksibilitet i arbeidstid, men noko ettermiddags- og kveldsarbeid må påreknast. Dette er ei stilling med høg grad av sjølvstende og stor mogelegheit til å påverke stillinga si innhald!
Arbeidsoppgåver:
Vere ein engasjert ressursperson for ungdom på Osterøy; ein inspirasjon- og motivasjonskjelde som bistår ungdommane i å skape eit Osterøy som tek i vare ungdom og deira interesser.
Samarbeide med lag, organisasjonar og andre kommunale einingar om å planlegge, sette i gang og arrangere aktivitetar og arrangement for born og unge.
Kompetanse og interesse for digital kommunikasjon med den hensikt å møte ungdom der dei er.
Drive med rusførebyggande tiltak.
Bistå med å skape engasjement rundt ungdomsrådet, og å lære og inspirere ungdom til å bruke dette som påverknadskanal.
Sette i verk tiltak frå Oppvekstplanen saman med ungdom.
Kompetanse:
3 årig relevant høgskuleutdanning. Andre utdanningar kan vurderast som relevante dersom søkar er særleg personleg kvalifisert.
Personlege eigenskapar:
Gode evner til å bygge relasjonar og engasjement med og hos ungdom
Interesse for å bistå ungdommer med å påverke lokaldemokratiet - og samfunnet
Er kreativ, fleksibel og utadvent.
Har interesse for politisk arbeid og prosessar.
Evne til å organisere seg sjølv og eigen arbeidskvardag.
Anna informasjon:
Søkjarlister er offentlege.
Søknader skal registrerast elektronisk på websida vår.
Osterøy kommune er IA bedrift.
Vitnemål og attestar som ikkje er lasta opp elektronisk, vil ikkje bli returnert.
Løns- og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk.
Medlemskap i Statens pensjonskasse. Link til søknadsskjema: Send søknad For mer informasjon kontakt: , Linda Judith Svidal Nordås, Tlf: 56192752, Epost: linda.svidal.nordas@osteroy.kommune.no
Om bedriften
Nær byen, nær naturen. Osterøy, ei av dei største innlandsøyene i Nord-Europa, eit levande lokalsamfunn med allsidig næringsliv, godt utbygd servicetilbod og vakkert landskap. Folketalet er på ca 8 000 innbyggjarar. Bru-/ferjesamband til nabokommunen, Bergen. Frå Lonevåg sentrum tek det ca. 45 min kjøretur til Bergen sentrum, ca 30 min til Åsane og ca. 20 min til Arna