Sjukepleiar
Org. nr: - Stillingsident: 4093470583 Presentasjon av stillingen:
Stillinga ligg i Pleie og omsorg, som omfattar sjukeheim og heimebaserte tenester. Ein må regne med å jobbe begge stader. Det kan vere aktuelt med arbeid på natt
Arbeidsoppgåver
Sjukepleiefaglege oppgåver inn mot einskildpasientar i Pleie og omsorg.
Kvalifikasjonar
Autorisasjon som sjukepleiar. Gode norskkunnskapar - muntleg og skriftleg. Den som vert tilsett må ha førarkort, klasse B, og må legge fram politiattest av ny dato før tiltreding.
Personlege eigenskapar
Vi søkjer ein person som er fleksibel i høve arbeidsoppgåver, og som kan samarbeide godt med andre, men må også kunne jobbe sjølvstendig.
Vi tilbyr
Vi har eit godt fagleg miljø, med god sjukepleiedekning. Vi kan tilby gode lønsvilkår og pensjonsordning gjennom KLP. Vi tilbyr fleksible turnusar, med arbeid kvar 3. eller 4. helg. Tilsetjing skjer i samsvar med gjeldande lover, reglement og tariffavtale.
Kontaktinformasjon
Kari Johanne Skarmyr, Einingleiar, 95918965
Arbeidsstad
Prestegardsvegen 31
6084 Larsnes
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Sande kommune
Referansenummer:4093470583
Stillingsprosent: 100%
Søknadsfrist: 19.06.2019
Om bedriften
Sande kommune er ein kystkommune i Møre og Romsdal med ca. 2500 innbyggarar. Sandesamfunnet inngår i ein felles bu- og arbeidsregion for Søre Sunnmøre med om lag 50.000 innbyggarar. Innanfor ei reisetid på 30¿45 min. har ein tilgang til det ein treng av arbeid, til sjukehus, høgskule, flyplass, handel og opplevingar. Kommunen har eit variert og innovativt næringsliv, med hovudvekt på næringar knytt til den verdsleiande maritime klynga på Sunnmøre. Alt dette med utgangspunkt i unike naturmessige omgjevnader, i oversiktlege og trygge miljø med plass til alle.