Er du bioingeniør og vil bli vår nye kollega?
Stillingsannonsen er inaktiv.Laboratoriet Stord, Helse Fonna HF
Tysevegen 64, 5416 Stord
Laboratoriet Stord har ledig 50 % stilling i turnus for autorisert bioingeniør i tidsrommet 01.01 - 01.10.23.
Laboratoriet Stord er eit av seks laboratorium i Avdeling for Laboratoriemedisin i Helse Fonna, og utfører analysearbeid innan generell kjemi og immunologi og transfusjonsmedisin, i tillegg til døgnkontinuerleg drift, tapping av blodgivarar, blodprøvetaking mm. Det er alltid noko nytt å læra hos oss, noko som gjer arbeidskvardagen både utviklande og spennande. Laboratoriet har eit godt arbeidsmiljø og er ein triveleg arbeidsplass med høg kompetanse der nye tilsette vert godt ivaretekne.
Stord sjukehus er ein del av Helse Fonna HF. Stord sjukehus har full akuttberedskap innan medisin, kirurgi, føde, gynekologi og anestesi.
Opptaksområdet er på om lag 50.000 innbyggjarar, fordelt på fem kommunar.
Stord har flott natur som gjev særs gode høve til naturopplevingar og - aktivitetar for born og vaksne innan ei heil mengd ulike idrettar. Kulturlivet er rikt og variert, og det er eit godt utbygd skuletilbod . Det er god kommunikasjon nordover til Bergen/ Flesland og sørover til Stavanger. Det er óg flyplass på Stord med god kommunikasjon til Oslo.
Arbeidsoppgåver
- Arbeidsoppgåver innan generell kjemi, hematologi, koagulasjon og blodbank
- 3-delt turnusarbeid med arbeid kvar 3. helg
Kvalifikasjonar
- Du er bioingeniør med norsk autorisasjon
- Om du har erfaring frå laboratoriearbeid, vil det vere ein fordel
- Gode norskkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Søkarar som har andre morsmål enn norsk, svensk eller dansk, og som ikkje har fullført norskspråklig vidaregåande skule, må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2 nivå. Dokumentasjon må vedleggast søknaden. Ved tilsetjing av allereie fast tilsett i føretaket kan ein unntaksvis, i særlege tilfelle, fråvika kravet om bestått norsktest på B2-nivå
Utdanningsretning
- Bioingeniørfag
Utdanningsnivå
- Høgskule/universitet, diplom-/ bachelorgrad
Personlege eigenskapar
- Du er strukturert, ansvarsbevisst og samarbeidsvillig
- Du har høg arbeidsmoral og vil bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Du trivest i eit aktivt og travelt miljø
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Konkurransedyktig pensjonsordning
- Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring
- Eit engasjert og godt arbeidsmiljø med kompetente og stolte medarbeidarar
Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Rita Danielsen Tyse, Funksjonsleiar, (+47) 53491094Arbeidsstad
Tysevegen 645416 Stord
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Fonna HFReferansenr.:4567214640
Stillingsprosent: 50%
Fast
Startdato: 01.01.2023
Sluttdato: 30.09.2023
Søknadsfrist: 10.10.2022
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Laboratoriet Stord, Helse Fonna HF
Adresse
Tysevegen, 5416 Stord
Hjemmeside
Helse Fonna har rundt 4000 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.
Om stillingen
Stillingstittel
Bioingeniør
Antall stillinger
1
Oppstart
1. januar 2023
Heltid/deltid
Deltid
Sektor
Offentlig
Arbeidstidsordning
Turnus
Sist endret: 11. oktober 2022
Hentet fra: talentech
Referanse: ac41156dc00949e29ffa304c803943e8
Stillingsnummer: 43580219-72c6-49be-ada1-008843c6cce9