Sjukepleiar/Vernepleiar ved Bergtun
Org. nr: - Stillingsident: 4237182429 Presentasjon av stillingen:
Vestre Slidre kommune søkjer etter sjukepleiar/vernepleiar til ei 73 % fast stilling i heimebaserte tenestar ved Bergtun, med arbeid kvar 3.helg. Det er ynskjeleg med oppstart så snart som råd.
Kvalifikasjonar
- norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar
- god vurderingskompetanse i forhold til eit klinisk blikk
- gode datakunnskapar
- Gyldig politiattest må leverast
Personlege eigenskapar
- kunne arbeide sjølvstendig og ha gode samarbeidsevner på tvers av faggrupper
- må trivast med å arbeide sjølvestendig som sjukepleiar
- må ha stor arbeidskapasitet
- vera ein god lyttar og vera god på å kommunisere
- sjølvstendig og evne til å skape framdrift åleine, men og ilag med andre
- fleksibel og løysingsorientert
Personleg eignaheit vert vektlagt
Vi tilbyr
- eit godt, triveleg og utfordrande arbeidsmiljø
- gode forhold for samarbeid, utvikling og kompetanseutnytting
- god pensjonsordning
- løn etter tariff og arbeidsvilkår elles etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar
Andre opplysningar
Eit godt arbeidsmiljø er prega av mangfald. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn. Arbeidsplassen vil bli tilrettelagt ved behov.
Det vert gjort merksam på at namnet på ein søkjar kan bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har bedt om at namnet blir unnateke offentleg søkjarliste. Ønskje om å bli unnateke offentleg søkarliste må grunngjevast i søknaden, jf. offentleglova § 25, andre ledd. Søkjaren vert varsla dersom ønskje ikkje kan takast til følgje.
Kontaktinformasjon
Hanne Kårstad, Avdelingsleiar, 97592703, Hanne.Karstad@vestre-slidre.kommune.no
Arbeidssted
Sjukeheimvegen
2966 Slidre
Søk på stillingen:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver:Vestre Slidre kommune
Referansenr.:4237182429
Stillingsprosent: 73%
Fast
Søknadsfrist: 04.06.2020
Om bedriften
Heimebaserte tenester består av heimesjukepleie, bemanna omsorgsbustadar for demente(Bergtun), helsetenester ved Vestoppland fengsel, avdelinging Slidreøya og praktisk bistand. Heimetenesta i Vestre Slidre kommune har administrasjon på Sjukeheimen i Slidre. Heimetenesta dekker områda Lomen, Slidre og Røn, samt kommunens aktive hytte- og stølsområder heile året.
Vestre Slidre er ein landbruks- og reiselivskommune i Valdres. Kommunen er 464 km2 stor og har omlag 2 200 innbyggjarar. Vi har ei god skule i kommunen og vi har full barnehagedekning. Kommunen har eit rikt kulturliv med song, musikk og idrett. Vestre Slidre ligg vakkert til nær Jotunheimen. Det ligg til rette for aktivt friluftsliv - både sommar og vinter. Største delen av fjellområda i kommunen er statsallmenning. For jakt- og fiskeinteresserte byr dette på mange gode - som for eksempel fiske med garn og oter i alle vatn i allmenningen, og tilgang til småviltjakt. Det er god kommunikasjon til Oslo og Vestlandet via E-16, som går gjennom kommunen.