Pedagogisk leiar
Presentasjon av stillingen:
Me søkjer barnehagelærar til ledig 100 % vikariat i Tørvikbygd barnehage. Vikariatet er ledig frå snarast og til 31.07.2019. Det kan verta mogelegheit med forlenging av vikariatet.
Hovudarbeidsoppgåver
Delta aktivt i det daglege arbeidet med borna og vera ein tydeleg rollemodell overfor born og
vaksne.
Sikra gode rutinar for det einskilde barn sin trivnad og utvikling. Hovedansvar for planlegging, utforming og oppfølging av pedagogiske planar for barnegruppa og enkeltbarn.
Ansvar for leiing av vurderings- og dokumentasjonsarbeidet på avdelinga.
Ansvar for å opparbeida, utvikla og ivareta god samhandling og samarbeid med foreldre/føresette.
Vera ein del av barnehagen sitt pedagogiske leiarteam og delta i felles fagleg utvikling av dette.
Sørge for individuell oppfølging og pedagogisk rettleing av personalet innanfor eige ansvarsområde.
Er ein aktiv bidragsytar i å utvikla eit positivt arbeidsmiljø.
Kvalifikasjonar
Godkjent utdanning som barnehagelærar/førskulelærar. Dersom det ikkje søkjer barnehagelærarar kan søkjarar med anna relevant høgskuleutdanning eller anna pedagogisk utdanning også verta vurdert.
Ved nytilsetjing skal den tilsette levera politiattest utan merknader, jfr. Barnehagelova §19, denne skal ikkje leggjast ved søknaden. Attesten må ikkje vera eldre enn 3 månader. Dersom du er vikar og allereie har levert politiattest ved tiltreding, treng du ikkje levera ny.
Personlege eigenskapar
Serviceinnstilt og fagleg engasjert
Tek ansvar og arbeider sjølvstendig
Fleksibel og bidreg aktivt i samarbeid med andre
Løysingsorientert
Vi tilbyr
Ein interessant og utviklande jobb i godt og fagleg arbeidsmiljø
Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
Gode pensjons-/og forsikringsordningar
Generell informasjon:
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad er ein inkluderande arbeidslivsbedrift (IA) og ønskjer å leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.
I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta.
Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.
Kontaktinformasjon
Ann-Kristin Bråten, Styrar Tørvikbygd barnehage, 930 97 710
Arbeidsstad
Tørvikbygdvegen 343
5620 Tørvikbygd
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Kvam herad
Referansenummer:4024455520
Stillingsprosent: 100%
Sluttdato: 31.07.2019
Søknadsfrist: 20.02.2019
Om bedriften
Kvam er inngangsporten frå Bergen for alle som ønskjer å oppleva Hardanger. Berre ein times køyring via Kvamskogen - eit område for aktiv fritid både sommar og vinter, ligg kommunen ved Hardangerfjorden. Me har eit variert næringsliv med jordbruk, industri og handel. Kopla med eit rikt kultur og organisasjonsliv gjev dette eit mangfaldig og levande samfunn for dei 8500 innbyggjarane våre. Me har eit godt utbygd skuletilbod med to vidaregåande skular . Norheimsund er regionsenteret i kommunen og vart i 2013 tildelt <>. Her kan du oppleva <>, handlegate, strandveg og bystrand. Les meir