Sakshandsamar 100% fast - arealbruk
Stillingsannonsen er inaktiv.Bømlo kommune
Bømlo
Bømlo kommune har ledig 100% fast stilling som sakshandsamar ved eininga Arealbruk frå snarast. Arealbruk har mange varierte arbeidsoppgåver og ynskjer difor å knyta til oss meir fagkompetanse innan både bygg og arealplanlegging. Annonsen er såleis open på båe desse fagfelta og arbeidsoppgåver vil bli tildelt ut frå kvalifikasjonane til den som vert tilsett. Avdelinga rapporterer til rådmann og er inndelt i fagområda plan/byggjesak/oppmåling/landbruk og miljø der me er i dag er totalt 14 tilsette.
Arbeidsoppgåver:
- Saksbehandling av byggjesaker
- Saksbehandling av private reguleringsplanar
- Vegleiing til kommunen sine innbyggjarar og til profesjonelle aktørar, både munnleg og skriftleg, i dette deltaking i teknisk kundetorg
- Saksførebuing/utarbeiding av saksframlegg til politisk behandling.
- Arbeidsoppgåvene vil elles vera avhengig av dei behov som avdelinga har til ei kvar tid og av kvalifikasjonane til den som blir tilsett
- Stillinga rapporterer til avdelingsleiar Arealbruk
Kvalifikasjonar:
- Utdanning innafor areal og eigedomsutvikling med relevant fagområde frå universitet, høgskule eller teknisk fagskole, gjerne arealplanleggjar, bygningsingeniør, arkitekt eller jurist på master, eventuelt bachelornivå
- Kunnskap eller erfaring frå offentleg forvaltning er ein fordel, men nyutdanna kan også søkja
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
- Erfaring med bruk av GIS-verktøy, kjennskap til bruk av elektronisk saksbehandlings-system og andre IT-verktøy
- Må disponere eigen bil
Personlege eigenskapar:
- Lett å samarbeide med
- Serviceinnstilt, initiativrik og effektiv
- Strukturert og god til rett prioritering av arbeidsoppgåve.
- Er positiv og interessert i å bidra i avdelinga si utvikling
- Set deg raskt inn i nye problemstillingar og leverer sjølv under tidspress
Me tilbyr:
- Godt arbeidsmiljø
- Varierte og spennande arbeidsoppgåver
- Kjekke og hjelpsame kollegaer
- Fleksibel arbeidstid
- Konkurransedyktige løns- og avtalevilkår
- Medlemskap i KLP
Kontaktperson: Konst. avdelingsleiar arealbruk Elisabeth Gjerde - 53 42 31 54 / 46 96 49 85
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Bømlo kommune
Adresse
Leirdalen 1, 5430 Bremnes
Om stillingen
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Offentlig
Sist endret: 26. mars 2019
Hentet fra: bomlo.kommune
Referanse: 100-fast-arealbruk231715
Stillingsnummer: 42576ae6-708f-47f2-88be-7e58b0f93998