Grunnstillingar Politibetjent 3/2/1 - Vest politidistrikt - Driftseining Hordaland - Tenesteeining Indre Hordaland
Org. nr: - Stillingsident: 4055600073 Presentasjon av stillinga:
I Vest politidistrikt, for tida driftseining Hordaland er det ledig ein eller fleire faste stillingar som politibetjent 3 SKO 1462 i tenesteeining Indre Hordaland (Voss). Ved mangel på kvalifiserte søkjarar som politibetjent 3 eller ved internt opprykk, vil det bli ledig stillingar som politibetjent 2/1 SKO 1460/1458. Stillingane er kombinert etterforsking- og ordensteneste. Stillingane er stadsplassert på Voss.
Politipatruljen skal førebyggje, avdekke og etterforske kriminalitet i tillegg til å gje publikum service, hjelp og vern når situasjonen krev det. I patruljetenesta vil politiarbeid på staden (PPS) vere ein sentral arbeidsmetode som bind saman politioperativt arbeid med etterforsking og førebyggjing. Patruljetenesta blir organisert som døgnkontinuerleg vakt- og beredskapsteneste.
For stillingane gjeld vanlege tilsetjingsvilkår i staten, mellom anna tilsetjing på prøve dei første 6 månadene. Søkjarane må kunne nytte både bokmål og nynorsk. Det er krav om plettfri vandel.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i folket. Det er difor eit personalpolitisk mål å ha ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Kvinner og
personar med innvandrarbakgrunn blir oppmoda om å søkje.
Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju. Då må stadfesta attestar og vitnemål takast med. For kandidatar som søkjer tilsetting i ny stillingskode (pb2/pb3) må utfylt kompetansekriterieskjema leggjast ved søknaden. Vi gjer merksam på at søkjarlista kan bli gjort offentleg sjølv om søkjar ber om å få vere anonym, jf. Offentleglova § 25.
Vi ber om elektronisk søknad via lenka.
Arbeidsoppgåver
- Kombinert etterforsking- og ordenstjeneste
- Vakt og beredskap i turnusteneste etter dei til ei kvar tid gjeldande tenestelister, reseverteneste må påreknast
- Oppgåver som høyrer til den daglege tenesta ved eininga
- Utføre etterforsking, blant anna vekt på etterforsking av SO-saker/vald i nære relasjonar
- Førebyggjande arbeid
- Andre oppgåver pålagt av overordna
Kvalifikasjonar
- Vitnemål frå Politiskulen/Politihøgskulen. Vedlagde karakterskjema skal fyllast ut og leggjast ved søknaden
- Tilfredstille dei generelle kompetansekrava til politibetjent 3, ev. politibetjent 2
- Søkjar må være IP4-godkjend eller kvalifisert og villig til å bli IP-godkjend
- God munnleg og skriftleg framføring
- Relevant erfaring og anna kompetanse/utdanning blir vektlagt
- Erfaring frå etterforskning av SO-saker/vald i nære relasjoner er ein fordel
- Gode datakunnskapar og kjennskap til politiet sine system er ein fordel
Utdanningsnivå
- politiskole/politihøgskole
Personlege Eigenskapar
- Vere tett på, modig, vise respekt og tenkje heilskapleg
- Evne til å arbeide sjølvstendig og systematisk i ein hektisk arbeidskvardag
- Resultatorientert med evne til å ta avgjerder og ha god gjennomføringsevne
- Gode samarbeidsevner og evne til å skape samhald og trivsel
- Fleksibel med omsyn til arbeidsplass og oppgåver
- Vere tilpassingsdyktig, lojal og pliktoppfyllande
- Ha engasjement og interesse for fagfeltet, og god forståing for politirolla
Vi tilbyr
- Stillinga blir lønna som politibetjent 3/2/1, SKO 1462/1460/1458 frå ltr.40/kr. 381 000 til ltr. 58/kr 505 800 brutto per år. Endeleg lønnsplassering avhenger av kvalifikasjonar og ansiennitet.
- Ein spennande arbeidsplass for deg som vil vere med å forme eit politi for framtida
- Vest politidistrikt er ei IA-verksemd
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse
- Bedriftshelseteneste
Andre opplysningar
- Noe reisevirksomhet må påregnes
Kontaktinformasjon
Ivar Sindre Hellene, Lensmann, 56528703
Spørsmål om elektronisk CV/søknad, Seksjon for HR, 55556300
Arbeidsstad
Voss
Nøkkelinformasjon:
Annonsør:Politiet, Vest pd
Ref. nr.:201902972
Fast stilling
Søknadsfrist: 05.05.2019
https://www.webcruiter.no/wcmain/advertviewpublic.aspx?oppdragsnr=4055600073&company_id=3733481084&culture_id=NN-NO
For elektronisk søknadsskjema:[Klikk her]
Om bedriften
Vest politidistrikt dekker 54 kommunar, med til saman 589 500 innbyggjarar, og har om lag 1300 tilsette med politimeister Kaare Songstad som øvste leiar.