Fagleiar ved Davik oppvekst
Davik oppvekst har ledig stilling som fagleiar for skule i 100 % stilling.I stillinga inngår 30% administrasjon og 70 % undervisning.
Fagleiar vil fungere som leiar i pedagogiske spørsmål og administrative oppgåver når driftssjef er fråverande, samt ha følgjande oppgåver:
- Vikarordning og timelister
- Timeplanlegging
- I samarbeid med driftssjef utarbeide arbeidstidsavtaler
- Organisering av nasjonale prøver, tentamen og eksamen
- Inspeksjonsplan
- Medansvar pedagogisk utviklingsarbeid
- Medansvar overgangar
Du må ha:
- Gode samarbeids- og leiarevner
- Undervisningskompetanse både på barne og ungdomstrinn
- Godkjend lærarutdanning
- Gode norsskunnskapar
Nærare opplysning om stillingane får du ved å vende deg til driftssjef Helge Bakke, tlf. 95985264.
Vi gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista.
Søkjarar som ønskjer unntak frå offentleg søkjarliste må grunngje dette særskilt i søknadsteksten i søknaden .
Alle søkjarar til ledig stilling i Bremanger kommune må registrere CV og sende søknad elektronisk. Link til søknadsskjema: Send søknad For mer informasjon kontakt: , Helge Bakke, Tlf: +47 95985264, Epost: helge.bakke@bremanger.kommune.no
Om bedriften
Bremanger kommune er ein kystkommune i Sogn og Fjordane med ca 3.900 innbyggjarar. Kommunen har full barnehagedekning, trygge oppvekstvilkår og eit rikt kulturliv. Her er variert natur med gode tilhøve for eit aktivt friluftsliv. Meir informasjon om kommunen finn du på www.bremanger.kommune.no.
Oppvekstsektoren i Bremanger har seks oppvekstsenter med barnehagar og skular under same tak og med felles leiing. Både barnehagen og skulen er i stadig utvikling medan vi held på den stødige og gode plattforma vi har bygd opp gjennom mange år.
Samla sett oppnår vi gode faglege resultat og vi har høg trivsel hos elevar og lærarar. Vi har mange dyktige lærarar med høg kompetanse og vilje til utvikling.
Vi treng no fleire med på laget for å utvikle oppvekstsektoren i Bremanger vidare. Dei som vert tilsette må vere villige til å jobbe etter dei systema og verdiane som ligg til grunn i oppvekstsektoren generelt og på kvart oppvekstsenter spesielt.