Fagarbeider ved ATO på Bø skule
Bø skule har ledig eit 90% vikariat som fagarbeider ved ATO-avdelinga, skuleåret 2019/2020. Oppstart 01.08.2019.
ATO (alternativ tilpassa opplæring) vart oppretta i 2007 og er ei spesialpedagogisk avdeling for elevar med behov utover ordinær opplæring. Me har neste skuleåret 11 elevar frå 3.-10. trinn. Elevane har 1-1 oppdekking og me har opplæring i grupper og individuelt på avdelinga, og deltaking i ordinær klasse tilpassa den enkelte eleven. Elevane arbeider med opplæringsmål frå både Kunnskapsløftet og Rammeplan for barnehage. Fleire elevar har hjelpemidler og behov for opplæring i til dømes alternativ støttande kommunikasjon (ASK), fysioterapi, ergoterapi og oppfølging i samband med syn- og hørsel. Har du lyst til å jobbe ein plass der me gleder oss over dei små tinga i kvardagen og lærer noko nytt kvar dag? Da er dette jobben for deg.
Kvalifikasjoner
" har erfaring med opplæring og tilrettelegging for elevar med psykisk utviklingshemming
" har kompetanse i PODD og ASK
" arbeider målretta og systematisk
" tek ansvar for elevar si læring og utvikling
" er tolmodig, engasjert og motivert
" er fleksibel og samarbeidsvillig
Arbeidsoppgaver
Tilrettelegging for læring ved hjelp av PODD og oppfølging av medisinske behov, samt arbeid i SFO.
Politiattest
Politiattest nyere enn tre måneder må leveres før oppstart i stillingen.
Tilsetjingsvilkår
Tilsetjinga skjer på dei vilkår og med dei pliktar som går fram av utlysinga, og dei til ei kvar tid gjeldande lover, reglement og tariffavtalar. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar med ulykkesforsikring i fritida. Kommunen har prøvetid på 6 månader og reglar for flyttegodtgjersle.
Søknad sendast
Hå kommune oppfordrar alle til å søkja elektronisk på web www.ha.no/stilling. Ta kontakt med lonn@ha.kommune.no dersom du har vanskar med innlogging.
Om bedriften
Hå kommune sitt administrasjonssenter ligg på Varhaug, ca. 40 minutt med tog frå Stavanger. Kommunen har 18 500 innbyggjarar, velfungerande skuledrift, full barnehagedekning, gode helsetilbod og gode levekår. I tillegg til eit rikt og variert kultur- og idrettstilbod finn ein flotte tur- og friluftsområder. Hå kommune sin visjon er "Me løfter i lag". Våre verdiar er Open, Driftig og Stolt. Me ønskjer oss medarbeidarar som kan identifisera seg med vår visjon og våre verdiar!