Sjukepleiarar, fast/vikariat, Husnestunet
Omtale av stillinga
Husnestunet Institusjon har stadig trong for sjukepleiarar i både vikariat og faste stillingar.
Arbeidet er i turnus med arbeid kvar 3. helg.
Vi opplever arbeidsstaden som pulserande med spennande og utfordrande kvardagar. Me har fokus på
kompetanseheving og interne kurs, og læring på tvers av avdelingane. Vi har desse avdelingane i dag:
Samhandlingsavdelinga, gruppe 1:
Avdeling med korttidsplassar og kommunen sitt døgntilbod for akutte senger. Eit pulserande miljø med fagleg høgt nivå, og god sjukepleiedekning. Avdelinga har 15 sengeplasser og brukargruppe med særs variande hjelpebehov. Det er eit godt sosialt miljø og vi er flinke til å ha det kjekt i lag.
Avdeling for personar med demens, gruppe 2:
Avdeling tilrettelagt for personar med demens. Avdelinga er delt i to, med 8 pasientar på kvar avdeling. I denne avdelinga har me fokus på miljøbehandling og individualisert omsorg. Ein vert utfordra til å tenke kreativt, vera fleksibel, utvikle kommunikasjonsferdigheter og samarbeide godt med kollegaer. Ein spennande og fagleg utfordrande avdeling med fabelaktig godt arbeidsmiljø.
Somatisk avdeling, gruppe 3:
I denne avdelinga bur personar med samansette somatiske behov med trong for tilrettelegging og tett oppfølging.
Her vil ein læra mykje om pleie, sårstell og ulike sjukdommar og du vil kunne utfolde deg fagleg. Godt arbeidsmiljø,
med ein utviklande arbeisstad og flinke kollegaer.
Er du interessert i å høyre med, så ta kontakt med einingsleiar.
Dersom du søkjer på fleire stillingar innanfor sektor for omsorg, helse og sosial, prioriter dette i søknaden/søknadane.
Kvalifikasjonar
Det vert stilt krav om autorisasjon som sjukepleiar.
Personlege eigenskapar
Du må vera fleksibel og løysingsorientert
Ha gode evner til kommunikasjon
Kunne arbeida sjølvstendig og samarbeida med andre
Du må ha gode kunnskapar i norsk, både skriftleg og munnleg
Ved tilsetjing vert det lagt vekt på tidlegare arbeidserfaring og personlege eigenskapar.
Vi tilbyr
Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd.
Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø.
Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar.
Søknad vert å senda
Kvinnherad kommune oppfordrar til å søkja elektronisk (godkjende vitnemål og attester tar ein med på evt. intervju). Normalt vil søkjar sitt namn bli offentlegjort i postjournal og offentleg søkjarliste. Dersom du ønskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jf. Offentleglova § 25. Du vil då verte varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din.
Innsendte vitnemål og attestar blir ikkje returnert.
Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 6.10, opplæringslova § 10.9, lov om barnehagar § 19, Helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4.
Om bedriften
Kvinnherad kommune har 13.100 innbyggjarar.Kommunen ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda. Rosendal er administrativt senter, Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og handelssenter. Kvinnherad har eit mangfaldig kulturliv. Sjø, skjærgard, fjell og bre gjev naturtilhøve for friluftsliv heile året.