SJUKEPLEIAR VINJE SJUKEHEIM OG DIALYSEAVDELING - ID 1536
Fast stilling for sjukepleiar i 75 % stilling: vikar ved fråver inntil 60% i dialyseeining og 15 % Vinje sjukeheim.
Vinje kommune drive desentralisert dialyseeining i samarbeid med Sjukehuset Telemark HF.
Arbeidsgjevaransvaret ligg til Vinje kommune, helse og omsorg.
Stillinga har turnus med arbeid kvar tredje helg.
Stillinga er ledig frå snarast. Krav til søkjar er autorisert sjukepleiar som har opplæring og erfaring frå dialyse. Dersom du ikkje har opplæring og erfaring vil opplæring bli gjeven: 2 månadar i sjukehus Rjukan/Skien, og 1 månad ved dialyse i Vinje.
Det blir vektlagt gode evner for å kunne samarbeide!
Vi ynskjer deg velkomen som søkjar!
I samsvar med Offentleglova§25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
Nærare opplysningar om stillinga ved Liv Berit Versto, tlf. 91765497
Søknad vert å sende på elektronisk skjema, sjå www.vinje.kommune.no
Søknadsfrist: 05.04.2019
Om bedriften
.