Sjukepleiar/Vernepleiar/ Barnevernspedagog. Ledig 50% fast stilling
Org. nr: 983974724 Stillingsident: 4215880090 Presentasjon av stillingen:
Klinikk psykisk helsevern for barn og unge, Ungdomspost har ledig 1 fast stilling i 50% som sjukepleiar/vernepleiar. Ungdomsposten er p.t i 2-delt turnus med arbeid i snitt kvar 4 helg.
Ungdomsposten er ein 5 døgns utgreiings- og behandlingspost med kapasitet til 10 pasientar for ungdom mellom 13 og 18 år med ulike psykiske lidingar. Innlegging er basert på frivilligheit. Posten er stengd alle helgar, jul, påske og i sommarferieavviklinga. Dei tilsette på Ungdomsposten arbeider i snitt kvar 4. helg på Akuttposten og når posten elles er stengd.
Oppgåvene til Ungdomsposten er knytt til utgreiing, diagnostisering og utarbeiding/ utprøving av tiltak og behandling. Ungdomsposten gir spesialisert helsetilbod til barn og unge med psykiske vanskar, og deira pårørande. Posten er tverrfagleg bemanna med miljøterapeutar med hovudvekt på sjukepleiarar og vernepleiarar, samt barnevernspedagogar og studentar innan helse- og sosialfag. På behandlarsida har vi barne- og ungdomspsykiater, psykolog/ psykologspesialistar, samt legar i spesialisering (LIS).
Vi søkjer ein erfaren, engasjert og fagleg dyktig medarbeidar.
Alle i personalgruppa skal fortrinnsvis ha særskild kompetanse for å arbeide med ungdom med psykiske lidingar. Vedkommande som får tilbod om tilsetjing, må leggje fram tilfredsstillande politiattest (vandel), jfr Lov om helsepersonell § 20a.
Arbeidsoppgåver
- Pasientoppfølging/miljøkontakt i post - observere, kartleggje og dokumentere pasientane sine behov, samt iverksetje miljøterapeutiske tiltak
- Kvar pasient har eit team knytt til seg beståande av 2 miljøkontaktar og ein behandlar som samarbeider tett om inntak, utgreiing og behandling av pasienten
- Bidra til å skape ei trygg postatmosfære med omsorg, støtte, struktur og gode grensar for kvar enkelt pasient
- Å ha kontakt med pårørande blir sett på som ein naturleg del av det miljøterapeutiske arbeidet
- Inntak av nye pasientar
- Praktiske oppgåver
- Ansvarsvakt
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar
- Erfaring innan psykisk helsearbeid
- Fagleg engasjement innan psykisk helsearbeid
- Må ha grunnleggjande IKT-kompetanse (Windows OS og Office)
- Ønskjeleg med kunnskap om EPJ (elektronisk pasientjournal)
- Må meistre norsk, både munnleg og skriftleg godt
- Det blir lagt vekt på å vere personleg eigna
Utdanningsretning
- Sjukepleie
- Vernepleie
Utdanningsnivå
- Høgskule/universitet, diplom-/ bachelorgrad
Personlege eigenskapar
- Vi ønskjer medarbeidarar som:
- har respekt for den enkelte pasient
- er sjølvstendige, løysingsorienterte og målretta
- har god struktur, men samstundes evne til å vere fleksibel
- har gode kommunikasjonsevner
- har evner til å førebyggje konfliktar og aggresjon, og å ivareta og handtere engstelege og/eller agiterte pasientar
- er tilpassingsdyktige og taklar stressande situasjonar med ro og fagleg handling
- bidrar til eit godt arbeidsmiljø
- trivast i eit aktivt og travelt miljø og har høg arbeidsmoral
Vi tilbyr
- Arbeid i snitt kvar 4. helg
- Lønn i samsvar med gjeldande overenskomst
- Triveleg arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå
- Fagleg og personleg utvikling
- Internundervising
- Rettleiing kvar 4 veke for fast tilsette
- Terma trening (terapeutisk meistring av aggresjon) kvar 4 veke for fast tilsette
- Introduksjonskurs/brannkurs m.m via læringsportalen
- Fadderordning for nye medarbeidarar
- Medlemskap i pensjonsordning, 2 % pensjonstrekk, yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring.
- PBU er ein IA- bedrift, inkluderande arbeidsliv for ivaretaking av arbeidstakarar ved sjukdom.
Kontaktinformasjon
Astrid Bjorøy, Seksjonsleiar, 55975844
Ingunn Prestegard, Ass. seksjonsleiar, 55975762
Arbeidsstad
Haukelandsveien 22
5021 Bergen
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Bergen
Referansenr.:4215880090
Stillingsprosent: 50%
Søknadsfrist: 14.04.2020
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.