Bygg- eller sivil-ingeniør med kunnskap om bim-verktøy
Fordi fleire ønskjer å kjøpe bygg- og ingeniørtenester frå oss, treng me ein bygg- eller sivilingeniør. Blant fleire oppgåver er prosjektering av bygg og konstruksjonar, produksjon av teikningsmateriell, byggesøknader, kalkyler og tilbod, og andre byggrelaterte oppgåver.
Rett Hjem og Rett Ingeniør er full-integrert ved hjelp av Holte programvarer, deriblant Smartkalk og Holte Portalen. Vårt viktigaste prosjekteringsverktøy er Revit. Det er ein føresetnad at søkjarar har kunnskap om desse. I tillegg, kan det gjevast opplæring i bruk av programma.
Stillingen er fleksibel, både med tanke på arbeidstid og arbeidsstad. Det betyr at stillingen kan vere del- eller fulltid, og at arbeidstid kan vere fleksibel. Det er også mogeleg å utføre arbeidet på kontoret vårt i Olsvik (Bergen) eller i Kinsarvik (Ullensvang).
Om bedriften
Bulldog Avensis AS er morselskap til Rett Hjem og Rett Ingeniør. Rett Hjem utviklar eigedomar og bygger hus. Rett Ingeniør leverer ingeniørtenester, byggesøknader, etc.
Hovudkontoret til Rett Hjem og Rett Ingeniør er i Olsvik. I Kinsarvik produserer Rett Hjem, bygningsdelar som element.
Det er om lag 20 tilsette i konsernet, dei fleste i Bergen.