Eigedomsforvaltar
Ønskjer du å jobbe med eigedomsforvalting? DSB har eit eittårig vikariat som eigedomsforvaltar ledig, med høve til forlenging. Hos DSB kan du jobbe med interessante og utfordrande eigedomsrelaterte spørsmål og oppgåver. Arbeidet ditt vil vere av både operativ og strategisk natur. Du vil raskt få mykje ansvar for både store og små oppgåver.
DSB eig og forvaltar eigedom på ca 70 lokasjonar – med eit samla areal på nærmare 60.000 kvadratmeter – rundt om i landet. Eigedomsporteføljen er mangfaldig og kompleks, og vi utfører oppgåver knytt til forvalting, drift og vedlikehald av eigedomsmassen. Som eigedomsforvaltar vil du jobbe tett med fagavdelingane i ulike prosjekt og prosessar. Dette inneber mellom anna prosjektleiing knytt til samlokalisering og avhending med meir, pluss oppfølging av kontraktar (deriblant leigekontraktar). Vi ser etter deg som er initiativrik og positiv, som liker å løyse utfordringar både åleine og saman med andre, og som kan bidra til å vidareutvikle eigedomsporteføljen til DSB.
Du skal:
- forhandle, utforme og følgje opp kontraktar og leigeavtalar
- gi råd internt knytt til leige-/eige-spørsmål og hjelpe fagavdelingane med andre eigedomsfaglege problemstillingar
- følge opp avhending av eigedom, miljøsanering, stenging og sikring av fjellanlegg, tilbakeføring av grunnrettar m.m.
- følgje opp offentlege planar og vedtak som har betydning for eigedomane
- leie og delta i eigedomsprosjekt
- bidra med økonomistyring, budsjettering, rapportering og økonomisk analyse (inkl. utarbeiding av dokumentasjon generelt)
- følgje opp eksterne samarbeidspartnarar som Statsbygg, Forsvarsbygg og andre leverandørar
- bidra i analysearbeid og med rapportering i Statens lokaler (database)
- utvikle rutinar, malar og strategiar som kan bidra til å effektivisere og profesjonalisere eigedomsforvaltinga ytterlegare
Kvalifikasjonar
Du må ha:
- relevant bachelorgrad, fortrinnsvis innanfor eigedomsforvalting, økonomi eller ingeniørfag. Særleg relevant erfaring frå eigedomsforvalting kan kompensere for kravet til bachelorgrad. Utanlandsk utdanning må vere godkjent av NOKUT
- god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
- tryggleiksklarering før tiltreding
Vi ønskjer at du har:
- kunnskap om og/eller erfaring frå eigedomsforvalting eller anna relevant verksemd
- erfaring med økonomistyring, budsjettering, rapportering og økonomisk analyse
- god forretningsforståing
- erfaring med oppfølging av kontraktar, forhandling og oppfølging av leigekontraktar
- prosjektleiarerfaring, gjerne frå eigedomsrelaterte prosjekt
- erfaring frå offentleg forvalting og saksbehandling
- kunnskap om regelverk/instruksar som er av relevans for offentleg eigedomsforvalting
Personlege eigenskapar:
- strukturert
- ansvarsmedviten
- samarbeidsorientert (ein lagspelar)
- gode kommunikasjonsevner
- høg gjennomføringsevne
Vår nye medarbeidar får
- ei stilling med gode høve til personleg og fagleg utvikling
- bli del av eit godt arbeidsmiljø prega av høg kompetanse, lagånd og godt humør
- fleksibel arbeidstid med sommartid og fleksitidsordning
- jobbe i moderne lokale som ligg sentralt til ved kanalen og brygga i Tønsberg
- tilgang til kantine, treningsrom og høve til å trene i arbeidstida
- gode pensjons-, låne- og forsikringsordningar i Statens pensjonskasse
- årslønn frå kr 661 400 til 814 900 (lønstrinn 70–79) som seniorrådgivar (stillingskode 1364). Av løna blir det trekt 2 % lovfesta innskot til Statens pensjonskasse
Om avdelinga, seksjonen og stillinga
Juridisk seksjon er ein av to seksjonar ved Avdeling for juridisk og tryggleik.
Juridisk seksjon har i dag tolv medarbeidarar og assisterer heile DSB. Seksjonen har eit særskilt ansvar for oppgåver som er knytte til forvaltningsrett, EU/EØS og internasjonal rett, lova om sivilvern/folkerett, lovteknikk og lov- og forskriftsarbeid. Seksjonen har vidare ansvar for offentlege innkjøp og oppgåver knytt til eigedomsforvaltinga til DSB. Det er eit overordna mål for seksjonen at vi skal bidra til å styrke kvaliteten på og sikre ei einskapleg tilnærming til dei andre juridiske leveransane til DSB, både når det gjeld regelverk og anna saksbehandling. Som eit ledd i dette arbeidet har juridisk seksjon ansvaret for å utvikle og forvalte ei rekkje kvalitetssikrings- og opplæringstiltak, og å følgje opp og vurdere krav som forvaltings-, offentlegheits, tryggleiks- og personopplysningslova stiller til verksemda vår.
Stillinga ligg for tida til Juridisk seksjon. Arbeidsoppgåvene er knytte til eigedomsforvalting, rådgiving, oppfølging av kontraktar, vedlikehald og avhending av eigedomar. Prosessane skal vere i samsvar med statleg regelverk, krav i tildelingsbrev og andre styringsdokument, forventningane frå Justis- og beredskapsdepartementet og direktøren. For å sikre samsvar vil stillinga også innebere ansvar for å utarbeide og oppdatere ein strategi for eigedomsforvaltinga til DSB i samarbeid med juristen som er knytt til eigedomsforvalting.
DSB er spreidd over mange lokasjonar og disponerer eigedom med ulike eigarforhold. Som forvaltar av eigedomane blir det forventa at du bidrar til å utarbeide målsetjingar for eigedomsforvaltinga, utvikling og profesjonalisering og gi råd ved eigedomsrelaterte spørsmål. Stillinga omfattar òg arbeid med avhending av eigedomar som DSB ikkje lenger har bruk for.
Ei viss reiseverksemd må påreknas; ca 20–40 dagar per år.
Om å jobbe i DSB
Risiko og sårbarheit i samfunnet er i stadig endring. Difor er DSB ein organisasjon i kontinuerleg utvikling. Vi treng medarbeidarar som er tillitskapande, kompetente og gode lagspelarar, og som aktivt bidreg til fornying og forbetring. Som tilsett i DSB er du med på å løyse eit viktig samfunnsoppdrag, saman med dyktige og dedikerte kollegaer. Vi ønskjer oss auka mangfald i organisasjonen, og håpar derfor at også kvalifiserte personar med innvandrarbakgrunn, hol i CV-en eller nedsett funksjonsevne vil søkje hos oss. DSB er fleksible og tilrettelegg for mobilt kontor når det er hensiktsmessig.
Offentleg søkjarliste
Det vil bli utarbeidd ei offentleg søkjarliste når søknadsfristen går ut. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista, jf. offentlegheitslova §25.
Kontaktinformasjon
Ingvild Martinsen, seksjonssjef, 33 41 25 00Jan Hagfors Greve, juridisk utgreiingsleiar, 33 41 25 00
Arbeidssted
Rambergveien 93115 Tønsberg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver:Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB)Referansenr.:4539751354
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 22.08.2022