Rektor - Åheim skule
Org. nr: - Stillingsident: 4190447357 Presentasjon av stillingen:
Stillinga som rektor er ledig frå 1. august 2020. Det er muleg å gjere avtale om tidlegare tiltreding i stillinga for å sikre overlapp med noverande rektor.
Til å leie og vidareutvikle Åheim skule søkjer vi etter ein samlande og motiverande leiar, som gjennom eit tydeleg og inkluderande leiarskap medverkar til eit utviklande og godt lærings- og arbeidsmiljø. Du er utviklings- og løysingsorientert, har eit stort samfunnsengasjement og eit sterkt ynskje om å bidra til å vidareutvikle gode tenestetilbod for barn og unge. Skulen er ein 1-10 skule med SFO-ordning. Skulen har om lag 75 elevar, 20 tilsette og ligg i Åheim sentrum. Skulen har eige bygg med gode arbeidsplassar og eit godt læringsmiljø. Administrasjonsressursen er i overkant av 150% stilling fordelt mellom rektor, assisterande rektor og kontormedarbeidar.
Arbeidsoppgåver
Vi søkjer ein person med interesse og engasjement for skuleutvikling og med ambisjonar om å skape ein god skule. Du er ein pådrivar for å utvikle skulen i samsvar med kommunen sine overordna planar, kvalitetsplanen for skulen og nasjonale planverk. Du involverer personalet og foreldre i skulen sitt utviklingsarbeid, og er ein målretta og motiverande leiar som har evne og vilje til å legge til rette for at personalet skal få gjere sitt beste. I tillegg til skuleutvikling er du god på administrativt arbeid, økonomistyring og arbeidsmiljøarbeid.
Kvalifikasjonar
Søkjarane må ha godkjend pedagogisk utdanning, erfaring frå skuleverket og som leiar. I tillegg ser vi gjerne at du har tilleggsutdanning i skuleleiing/administrasjon og leiing/personalleiing. Du må kunne dokumentere erfaring frå gjennomførte utviklingsoppgåver og/eller prosjekt. Stillinga inneber fullstendig driftsansvar i samsvar med tildelte fullmakter. Rektor rapporterer til kommunalsjef for kultur og oppvekst og sit i kommunalsjefen si leiargruppe.
I tillegg ser vi gjerne at du har:
- fokus på mestringsorientert leiing
- ein open og tydeleg kommunikasjon og viser tydeleg leiarskap
- evne til å bygge gode relasjonar
- gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- evne til å syne omsorg og interesse for den einskilde elev og medarbeidar
- stor arbeidskapasitet og trivst med å ha mange utfordrande arbeidsoppgåver
- god kjennskap til og erfaring med bruk av IKT
Personlege eigenskapar
Personlege eigenskapar vert vektlagt
Vi tilbyr
- aktive og motiverte elevar
- eit positivt arbeidsmiljø med flotte kollegaer
- eit utviklingsorientert og samarbeidande personale
- meiningsfulle arbeidsoppgåver
- eit godt leiarnettverk, både kommunalt og regionalt
- løn etter avtale
- gode pensjons- og forsikringsordningar
Politiattest av ny dato må leggjast fram ved tilsetjing.
Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Tilsetjing skjer på dei vilkår og med dei plikter
som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtalar. Pensjonsmedlemsskap i
SPK.
Opplysingar om søkjarar kan bli unnateke offentlegheit dersom søkjaren sjølv bed om det jf. offentleglova § 25. Du må grunngje i søknaden om du ønskjer å reservere deg mot oppføring på offentleg søkjarliste jf. offentleglova § 25.
Opplysningar om stillinga får du hos kommunalsjef for kultur og oppvekst Frode Vik, tlf. 70 03 00 05/99 28 86 00 eller hos Rådmann, Rita Kvamme, tlf. 70 03 00 02/95 14 05 93. Alle førespurnader vert handsama fortruleg innleiingsvis. Søknadsfrist 1. mars.
Kontaktinformasjon
Rita Kvamme , Rådmann, 70 03 00 02
Frode Vik, kommunalsjef, 700 30 005
Arbeidsstad
Åheim skule
6146 Åheim
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Vanylven kommune
Referansenr.:4190447357
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.08.2020
Søknadsfrist: 01.03.2020
Om bedriften
Vanylven kommune ligg lengst sørvest på Sunnmøre, i Møre og Romsdal fylke, og har omlag 3 150 innbyggjarar.
Kommunen har eit mangfaldig næringsliv og aktive bygdemiljø. Ein geografi som strekkjer seg frå opne kystlandskap til indre dalføre gjer uendelege moglegheiter for friluftsliv og naturopplevingar.
Treng du fleire grunnar til å søkje deg til oss? Alle tilsette i høgskulegruppa som flyttar til/bur i Vanylven kommune får nedbetalt studielån med 15% kvart år dei er i arbeid, maks kr. 28.000,- pr år (etter nærare retningsliner). I tillegg får nytilsette på fag- og høgskulestigen med under 4 års ansiennitet, starte med løn som etter 4 års ansiennitet.