Helgestilling
Vinjar bu- og omsorgssenter har ledig 15 % fast helgestilling som helsefagarbeidar f.o.m. snarast.
Stillinga er i turnus med arbeid 2 av 6 helger.
Ved intern tilsetjing/omrokkering, kan du få tilbod om annan stilling.
Kvalifikasjonar
Me søkjer deg som er autorisert helsefagarbeidar.
Stillinga er opna opp for andre med relevant erfaring.
Generelt/Søknad sendast
Det er ikkje mogleg å leggja med vedlegg. Rettkjende kopiar av attestar og vitnemål må takast med til eventuelt intervju.
Suldal kommune gjer merksam på at søkjarlistene kan verta offentleggjorde.
Frå 01.01.2017 skal alt personell som yter helse- og omsorgstenester i Suldal kommune leggja fram politiattest ved tilbod om stillinga. Politiattesten skal visa om vedkoamnde er sikta, tiltakt, pålagt førelegg eller er dømd etter straffelova, og attesten skal ikkje vera eldre enn tre månadar. Vidar til helse og omsorgstenestelova §5-4 og §5-4a.
Suldal kommune oppfordrar alle våre søkjarar til å søkja på stillinga digitalt. Søkjarar som ikkje kan søkja via nett, ta kontakt med servicetorget på tlf. 52 79 22 00.
Om bedriften
Suldal er ein del av Ryfylkeregionen og ligg nordaust i Rogaland. Det bur om lag 3800 menneske her. 1200 av desse bur i kommunesenteret Sand.Kommunen har eit godt og allsidig tenestetilbod. Det regionale kulturhuset for indre Ryfylke ligg i kommunesenteret Sand. Der ligg også regionalt idrettsanlegg og Suldalshallen.