2-årig engasjement som seniorrådgivar/fagdirektør/spesialrådgivar
Jobbnorge ID: 186700
Ønskjer du å arbeide hos oss i Helse- og omsorgsdepartementet?
Vil du vere med og bidra til utvikling og fagleg høg kvalitet innan område som er viktige for samfunnet, og vere med og bidra til at befolkninga får betre helse? Då kan dette vere jobben for deg!
Mangfold og inkludering i Helse- og omsorgsdepartementet
Vi er opptekne av mangfald, og ønskjer å vere ein arbeidsplass som speglar folket. Vi oppmodar difor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje. Vi har eit personalpolitisk mål om å inkludere personar med nedsett funksjonsevne og personar som har stått utanfor arbeid eller utdanning i lengre tid, og vi legg arbeidstilhøva til rette om det trengst.
Gjev du til kjenne at du har innvandrarbakgrunn, nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en, kan opplysningane du gjev, brukast til statistikkformål.
Kva gjer vi i seksjon for internasjonalt samarbeid?
Seksjon for internasjonalt samarbeid er éin av fire seksjonar i administrasjonsavdelinga ved departementet. Seksjonen samordnar departementet sitt arbeid i internasjonale fora som EU/EØS, FN/WHO, Europarådet og Nordisk ministerråd, helsesamarbeidet i nordområda, følger opp bilaterale avtalar og samarbeid med enkeltland, koordinerer departementet sine posisjonar i handelsspørsmål (WTO, EFTA og bilateralt) og legg til rette for den politiske leiinga sitt internasjonale engasjement.
Arbeidsoppgåver i rolla
Du vil få ansvar for
- å bidra til ei meir strategisk tilnærming til korleis Helse- og omsorgsdepartementet følger opp handelsrelaterte spørsmål
- å styrke departementet sin kompetanse på internasjonal handels- og investeringsrett.
- å koordinere departementet sine posisjonar i handelsavtaleforhandlingar.
Du må rekne med ein del reising.
Kvalifikasjonar
Du må
- ha relevant høgare utdanning på hovudfags-/masternivå, helst innan rettsvitskap
- ha gode analytiske og strategiske evner
- ha god samfunnsforståing og interesse for politiske prosessar
- ha svært god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk
- ha erfaring og kompetanse frå arbeidet med handelsspørsmål
- ha kjennskap til WTO og EFTA
- ha kjennskap til ansvarsområda og den offentlege forvaltninga til helse- og omsorgsdepartementet
- for stilling som fagdirektør/spesialrådgjevar ha svært god kompetanse i internasjonal handel- og/eller investeringsrett og røynsle frå forhandlingsprosessar
- kunne tryggleiksklarerast
Eigenskapar vi ser etter
Vi søker deg som
- er strukturert, analytisk og har stor arbeidskapasitet
- tek initiativ og har god gjennomføringsevne
- arbeider godt både sjølvstendig og i team
- trivst med ein travel kvardag prega av uføreseielegheit og tidvis høgt arbeidspress med korte fristar
- er raus, fleksibel og omgjengeleg med vilje og evne til å arbeide tverrfagleg
- er interessert i politiske prosessar og statlege styringsverkemiddel og har god samfunns- og rolleforståing
- er engasjert og flink til å finne løysingar i komplekse saker med ulike interesser
- er interessert i å arbeide med internasjonale handelsavtalar og kva dei kan ha å seie for nasjonal folkehelse- og helsetenestepolitikk samt tilhøyrande regelverk
Vi legg særleg vekt på om du er personleg eigna for stillinga.
Vi tilbyr
- engasjement i 2 år
- stillingsbrøk på 100 %
- svært kompetente kollegaer og eit hyggeleg arbeidsmiljø
- høve til å vere tett på viktige avgjersler for helsetenestene
- fem veker ferie, fleksitidordning og gode velferdsordningar
- utfordrande arbeidsoppgåver og gode høve til å utvikle deg
- eit fagleg dyktig og spennande arbeidsmiljø med engasjerte og trivelege kollegaer
Les meir om å jobbe hos HOD her: Jobbe i Helse- og omsorgsdepartementet
- Vi er underlagde lov- og avtaleverk som sikrar dei tilsette ryddige arbeids- og tenesteforhold.
Løn: 600 000-950 000 avhengig av kvalifikasjonar og erfaring. Høgare lønn kan vurderast for spesielt kvalifiserte søkarar.
- 2 % innskot til Statens pensjonskasse blir trekt frå løna. Medlemskapen er ei av dei beste pensjonsordningane i landet, med gunstig bustadlån og gode forsikringsordningar.
Vil du vite meir?
Dersom du har spørsmål om stillinga, kan du kontakte avdelingsdirektør Tone Wroldsen på tlf. 415 08 351 eller underdirektør Nina Horg Thoresen på tlf. 900 44 766.
Slik søkjer du
Send søknad elektronisk via lenka "Søk stillinga" nedst på sida til JobbNorge.no.
Legg ved vitnemål og eventuelle attestar, og legg inn opplysningar til din CV.
Alle dine personopplysningar vert tatt vare på i samsvar med GDPR.
Unntak fra offentlig søkerliste
I samsvar med offentleglova § 25 gjer vi merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista.
Se annonsen og søk på stillingen www.jobbnorge.no
Om bedriften
Helse- og omsorgsdepartementet (HOD) har det overordna ansvaret for at folk får gode og likeverdige helse- og omsorgstenester. Departementet har ansvar for folkehelsepolitikken og primærhelse- og spesialisthelsetenesta,
medrekna e-helse, helserett og eigarskapsforvaltning av helseføretaka. Departementet har 220 tilsette.
Les meir om oss på regjeringa.no.