ID 1958 Sjukepleiar- Knutsaåsen omsorgssenter
På Knutsaåsen omsorgssenter er det 46 rom, organisert som omsorgsbustader. Vår visjon er kultur, trivsel og omsorg i kvardagen. Ved Knutsaåsen omsorgssenter arbeider me for å skapa tryggleik og trivsel i eit positivt miljø, for både pasientar og tilsette. Me har god fagdekning og eit godt arbeidsmiljø. Arbeidsoppgåvene er både varierte og utfordrande.
Det er frå 01.04.23 eller snarast ledig fast 100% stilling for sjukepleiar i demensavdelinga, som har 20 rom.
Arbeidsoppgåver:
Som sjukepleiar vil du ha ei nøkkelrolle og dei arbeidsoppgåvene du vil møte i kvardagen er omsorg og pleie av bebuarar, kartlegging og igangsetting målretta sjukepleietiltak og medikament handtering. Det er ei stor bredde med varierte og spennande oppgåver:
- Sjukepleiefagleg ansvar i avdelinga
- Oppfølging av medisinsk behandling
- Observasjon og dokumentasjon
- Fokus på samarbeid med kollegar, pasientar, pårørande og andre
- samarbeidspartar
- Bidra til fagleg utvikling i avdelinga
- Legge til rette for sosial aktivitet, hygge og velvære for bebuarane er ein
- viktig del av jobben
- Rettleia andre yrkesgrupper, lærlingar og elevar
Kvalifikasjonskrav:
- Autorisert sjukepleiar
- Gode norskkunnskapar er ein føresetnad
- Gode datakunnskapar
- Evne til å kommunisere godt både skriftleg og munnleg
- Erfaring innen demens
- God fysisk helse då stillinga er ein føresetnad då stillinga inneber pleie og
- behandling av pasientar med store hjelpebehov
- Ved tilsetjing vil det bli stilt krav om at ein legg fram politiattest av ny dato.
Personlege eigenskapar som vert vektlagt:
- Serviceinnstilt
- Evne til å takla travle dagar
- Nøyaktig og strukturert
- Fleksibel og positiv, punktlig og pålitelig
- Evne og vilje til å møte nye krav og endringar
- Evne til å prioritere oppgåver i travle tider
- Pliktoppfyllande og pålitelig
- Like å jobbe sjølvstendig og i team
- Ein fagarbeidar som ser pasienten
- Fleksibel og løysningsorientert
- Ha godt humør
- Ha gode kommunikasjonsevner
- Ha evne til å skape, og bidra til eit positivt arbeidsmiljø
Me ser etter deg som ser magien i møte med eldre menneskjer og at du ynskjer å gjere ein forskjell.
Me kan tilby:
- Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg fagmiljø
- Eit positivt og godt arbeidsmiljø
- Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy
- med båt og utleige av tilhengarar mm.
- Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
For nærare opplysningar ta kontakt med Avdelingsleiar Randi Henriksen, tlf: 959 24 592 eller Einingsleiar Kristin Steinsland, tlf: 416 94 266.
Om bedriften
Stord kommune er ein industrikommune i Hordaland med ca. 19 000 innbyggjarar. Det er stor og variert aktivitet både i arbeidsliv og for fritid. Me har eit rikt kulturliv og det er gode vilkår for idretts- og friluftsliv. Her er flott natur med skog, sjø, vatn og fjell som ligg nær til for trivlege opplevingar og aktivitetar ute. Det er god kommunikasjon til Haugesund, Stavanger og Bergen. Barnehagar og skuleverket har god kvalitet. Me har m.a. vidaregåande skular, allmenn- og førskulelærar-, sjukepleiar- og ingeniørutdanning. Stord sjukehus er lokalsjukehuset for 50000 innbyggjarar i regionen Sunnhordland.