Institusjonslege
Kort om stillinga
Suldal kommune har frå 01.08.20 ledig 80 % fast stilling som institusjonslege ved Suldal sjukeheim og Vinjar bu- og omsorgssenter.
Me har per i dag ein sjukeheim med plass til 39 brukarar. 22 plassar til dementavdeling, og psykiske lidingar. Somatisk har sengeplassar til 18 pasientar. Eit rom i eiga avdeling blir nytta til lindrande behandling, og eit til øyeblikkelig hjelp (ø-seng). Demenspasientar vil få et nytt botilbod i løpet av nokre år, og et demenssenter er under planlegging.
Stillinga er organisert under eining helse. Det er ønskjeleg at legen bidrar med øvrige kommunale oppgåver og legevakt, og kan aukast til 100 % stilling.
Arbeidsoppgåver
Oppgåvene vil bli relatert til pasientane, pårørande og personale på institusjonen. Sjukeheimslegen brukar Cos-Doc og Infodoc som journalsystem.
Personlege eigenskapar og kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar vert vektlagt. Det er venta at søkjaren har gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg, og har kjennskap til norsk helsevesen. Søkjar må og ha norsk autorisasjon.
Dokumentasjon på utdanning og attestar frå tidlegare arbeidsforhold vert etterspurt ved innkalling til intervju.
Andre opplysningar
Kommunen kan hjelpa til med å skaffa bustad. Suldal kommune har god barnehagedekning, og det er gå-avstand til jobb.
Generelt/Søknad sendast
Frå 01.01.2017 skal personell som yt helse- og omsorgstenester i Suldal kommune leggja fram politiattest ved tilbod om stilling. Politiattesten skal visa om vedkomande er sikta, tiltalt, pålagt førelegg eller dømd etter straffelova, og attesten skal ikkje vera eldre enn tre månadar. Viser til Helse- og omsorgstenestelova §5-4 og §5-4a.
Det er ikkje mogleg å leggja med vedlegg. Rettkjende kopiar av attestar og vitnemål må takast med til eventuelt intervju.
Suldal kommune oppfordrar alle våre søkjarar til å søkja på stillinga digitalt. Søkjarar som ikkje kan søkja via nett, ta kontakt med Servicetorget tlf. 52 79 22 00.
Suldal kommune gjer merksam på at søkjarlistene kan verta offentleggjorde.
Om bedriften
Suldal er ein del av Ryfylkeregionen og ligg nordaust i Rogaland. Det bur om lag 3800 menneske her. 1200 av desse bur i kommunesenteret Sand.Kommunen har eit godt og allsidig tenestetilbod. Det regionale kulturhuset for indre Ryfylke ligg i kommunesenteret Sand. Der ligg også regionalt idrettsanlegg og Suldalshallen.