Sunndal vgs - Reinhaldar 60%
Opplysningar om stillinga
Fast 60% stilling
Oppgåver og ansvar
Skolen har til saman 3,6 årsverk til reinhald. Reinhaldarane arbeider i team og roterer på arbeidsoppgåvene ut frå skolen sin plan for dagleg reinald og for periodevis reinhald.
Krav til kompetanse
Vi ønskjer å ha reinhaldarar med fagbrev i reinhaldsfaget. Solid og relevant praksis kan erstatte kravet om fagbrev. Hovuddelen av reinhaldet på skolen blir gjort medan elevar og andre tilsette er på skolen. Det er derfor viktig med god samarbeidsevne og godt humør.
Vi tilbyr
• Introduksjonsprogram
• Utfordrande oppgåver i eit aktivt, utviklande arbeidsmiljø
• Offentleg pensjonsordning og gode forsikringsvilkår (medlemskap i KLP)
Tilsettinga er elles på fylkeskommunale vilkår og i tråd med gjeldande lover, avtaler og reglement.
Mangfald
Møre og Romsdal fylkeskommune har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med etterspurt kompetanse er velkomen til å søkje ledig stilling hos oss.
Søknad
Møre og Romsdal fylkeskommune nyttar elektronisk søknadsbehandling. Vi ber derfor om at du sender elektronisk søknad.
Søkarliste
Vi gjer merksam på at søkarlista kan bli offentleg sjølv om søkar ber om anonymitet jf. Offentleglova § 25,2. Om dette blir tilfelle, vil vi ta kontakt med søkaren før offentleggjering.
Politiattest
Den som blir tilsett må levere politiattest jf. opplæringslova §10-9.
Om bedriften
Bli med å utvikle regionen saman med oss! Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, vegar og kollektivtransport, tannhelsetenester, samfunns- og næringsutvikling. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen - hos oss får du utvikle deg sjølv og kompetansen din.Sunndal vidaregåande skole er ein kombinert skole med bygg- og anleggsteknikk, elektrofag, helse- og sosialfag, studiespesialisering og teknikk og industriell produksjon. 60 tilsette og 300 elevar fordelt på fem utdanningsomprogram. Ressurssenterdrift med m.a. vaksenopplæring og høgskoleutdanning er ein viktig del av skolen si verksemd. Skolen deltar aktivt i lokalsamfunnet og har eit godt samarbeid med lokalt næringsliv. Sunndal kommune har ein storslått natur med høge fjell, fjordar og fleire dalbotnar. Det er eit godt og variert kultur- og fritidstilbod i kommunen. Sunndal er ein industri- og handelskommune med Hydro sitt aluminiumsverk som største arbeidsplass.