Ved fakultetsadministrasjonen ved FHS er det ledig fast stilling som førstekonsulent/seniorkonsulent innan leiarstøtte
Høgskulen på Vestlandet, Fakultet for helse- og sosialvitskap har ledig 2 faste stillingar som førstekonsulent/seniorkonsulent innan leiarstøtte
Stillingane skal gi administrativ leiarstøtte og vil samarbeide tett med instituttleiarane for institutt for helse og funksjon og Institutt for velferd og deltaking. Stillingane vil også støtte instituttleiinga i koordinering og drift av ulike aktivitetar ved institutta.
Arbeidsstad vil vere enten campus Førde, Bergen, Sogndal, Stord eller Haugesund.
Ansvars- og arbeidsoppgåver:
- Administrativ støtte til leiarar ved to av institutta ved fakultetet
- Bistå med koordinering og drift av aktivitetar på instituttnivå
- Innkjøp, bestillings- og økonomioppgåver
- Planlegging og organisering av samlingar
- Sakshandsaming
- Andre oppgåver kan og bli aktuelle etter behov
Vi ser etter ein person som trivs med å arbeide saman med andre, men like fullt kan jobbe systematisk og nøyaktig på eigahand. Nødvendig opplæring vil bli gitt.
Kvalifikasjonskrav:
Formell utdanning og kompetanse:
- Relevant utdanning frå universitet eller høgskule på bachelornivå. Realkompetanse med relevans for arbeidsområde kan kompensere for utdanningskravet
- God skriftleg og munnleg fremstillingsevne på norsk og engelsk
- God generell digital kompetanse og erfaring med Office-verktøy og digitale samarbeidsflater
Ønska kvalifikasjonar:
- Erfaring frå og kjennskap til UH-sektoren
- Erfaring frå leiarstøtte og koordinering av administrative oppgåver
- Kjennskap til rekneskapssystem
Personlege eigenskapar:
- Strukturert og sjølvstendig
- God til å koordinere og planlegge eige arbeid
- Gode evner til kommunikasjon og samhandling
- Serviceinnstilt og med god forståing av servicerolla for den faglege verksemda
- Evne til å samarbeide godt både i og på tvers av organisatoriske einingar
- Effektiv og bidreg til utvikling og forbetring av rutiner
- Trivast i eit hektisk miljø
Ved vurdering av den best kvalifiserte søkjaren vert det lagt vekt på utdanning, erfaring og personleg eignaheit, i tillegg til motivasjon for stillinga.
Nyutdanna er velkomne til å søke på stillinga.
Vi tilbyr:
- Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
- Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
- Høve for trening i arbeidstida
Stillinga som førstekonsulent/seniorkonsulent er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1408 - førstekonsulent / 1363 - seniorkonsulent
Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Korleis søke på stillinga?
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.
Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Dersom vedlegga overskrid 50 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje.
Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.
Generell informasjon:
Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.
Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet er:
1) Administrasjonssjef Trude Engebretsen
epost trude.engebretsen@hvl.no
tlf 55 58 78 86
Samspel, berekraft og nyskaping
Samspel, berekraft og nyskaping skal kjenneteikne alt vi gjer.
Vi skal bli eit universitet med ein tydeleg profesjons- og arbeidslivsretta profil.
Om bedriften
Dette er Høgskulen på Vestlandet
Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 17 500 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.
Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.
HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.
Fakultet for helse- og sosialvitskap har om lag 490 tilsette og om lag 4900 studentar. Vi har eit breitt utdanningstilbod innan helse- og sosialfaglege profesjonsutdanningar, etter- og vidareutdanningar og fleire masterprogram.
Fakultetet tilbyr ph.d.-utdanninga "Helse, funksjon og deltaking". I tillegg har Fakultet for helse- og sosialvitskap ansvar for forskingsområdet: "Innovasjon i offentleg sektor" i ph.d.-utdanninga Responsible Innovation and regional Development (RESINNREG), som er eit samarbeid på tvers av fakulteta.
Studentane våre får omfattande ferdigheitstrening i tillegg til praksis, mellom anna gjennom øvingar i kommunikasjon og utprøving ved eit avansert simuleringssenter, SimArena. Vi praktiserer fleksible læringsformer der studenten sjølv blir utfordra til å delta i forsking og utviklingsarbeid.