Vernepleiar i medleverturnus
Eining for funksjonshemma gir tenester til personar med utviklingshemming/nedsett funksjonsevne i form av tenester i bustader, arbeids- og aktivitetssenter og ulike former for avlasting. Som tilsett hjå oss vil du vere med på å utvikle tenestene til beste for brukarane, og å vere med på det spanande arbeidet med å samordne tenestene saman med våre 2 nabokommunar fram mot nye Alver kommune i 2020
Me har no ledig 100% stillingar som vernepleiar i avlastings-/butiltak for ein undom. Bustaden ligg sentralt i Knarvik, nær butikkar, offentlege tenester og offentleg kommunikasjon. Stillinga medfører arbeid i døgn-/langvaktsturnus (Turnus: 2+7+2+7+3+7)
Arbeidsoppgåver
- Primærkontaktoppgåver
- Yte tenester i form av hjelp og rettleiing til bebuarane, etter vedtak
- Delta i fagutviklingsarbeid
- Rettleiing og opplæring av kollegaer og studentar
- Oppgåver delegert frå leiar
- Dokumentere og rapportere i tråd med gjeldande rutinar
- Kvalitetsutvikling og kvalitetssikring av tenester, - igangsetting, oppfølging og evaluering av tiltak
- Pårørandesamarbeid
- Sikre samarbeid mellom brukar og andre instansar
Kompetansekrav
- Vernepleier autorisasjon
- Erfaring fra målretta arbeid for personar med utviklingshemming
- Evne til å takle andre personar sine utfordringar og å møte personar i sårbare situasjonar med tryggleik og respekt
- Evne til å etablere og utvikle gode relasjonar til bebuarar og kollegaer
- Kjennskap til Lov om kommunale helse og omsorgstenester, kap. 9
- God norsk munnleg og skriftlig framstillingsevne
- Gode datakunnskapar
- Førarkort klasse B
Vi tilbyr
Løn og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov og avtaleverk
Gode pensjonsordningar
Meiningsfulle oppgåver og godt arbeidsmiljø
Politiattest
Det vert stilt krav til godkjent politiattest
Søknad
Om bedriften
Lindås kommune er den største kommunen i Nordhordland med med 15.400 innbyggjarar. Vi er ein vekstkommune med godt utbygde tenester og eit variert næringsliv. Knarvik er kommunesenter og regionsenter for Nordhordland, 30 minutt frå Bergen sentrum. Vår visjon er å vera ein kommune der draumar blir røyndom, og derfor ønskjer vi å vera kvalitetsbevisste, framtidsretta, inkluderande og tenestevillige. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.